Karibia skal få Sabeltannpark
Den Dominikanske republikk skal få sin eigen Kaptein Sabeltann-park.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kristiansandfirmaet Pirate Adventure AS utviklar parken i samarbeid med Terje Formo, og prislappen er sett til 600 millionar kroner, skriv avisa Fædrelandsvennen. Parken skal stå ferdig i 2021.
Investorane har kjøpt eit 200.000 kvadratmeter stort landområde i Karibia, der planen er at det skal byggjast ein temapark for Kaptein Sabeltann eller «Captain Sabertooth» som sjørøveren heiter på engelsk. Målgruppa er blant andre cruiseturistar.
– I dag er det jungel og masse tre på staden – og ei stor sandstrand. Her vil store delar av Kaptein Sabeltanns univers få plass, fjellet med borga på toppen, øya der greven av Gral bur og Kjuttaviga – eller «Luna Bay» som vika heiter på engelsk, seier Terje Formoe til avisa.
Les òg: Sjeldan tropisk fugl vitja Vestlandet
Fleire parkar i planane
Kaptein Sabeltann er kjent frå Dyreparken i Kristiansand, der det gjennom 29 år har blitt halde sjørøvarframsyningar.
Dagleg leiar i Pirate Adventure AS, Belinda Sousa, fortel at firmaet har arbeidd gjennom 11 år med å utvikle temaparkar relatert til Kaptein Sabeltann.
– Vi har ein kontrakt med Terje Formoe, der vi skal utvikle tre parkar i høvesvis Karibia, Mellom-Amerika og Nord-Amerika, forklarer ho.
Parkprosjektet i Karibia har namnet «The Kingdom of Captain Sabertooth» – Kaptein Sabeltanns kongedømme.