Minna dine frå barndomen kan vera oppdikta

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minna dine frå barndomen kan vera oppdikta

Mange av oss har vore innom spørsmålet: Kva er mitt tidlegaste barndomsminne? Enkelte hugsar fyrste gong dei fekk hol i hovudet og måtte sy fleire sting, andre minst kan henda ei forelsking i barnehagen.

Men veit me eigentleg at me hugsar denne episoden? Kunne det ikkje like gjerne ha vore rein dikting basert på seinare inntrykk frå fotoalbum og mimring? spør dei i The Guardian.

Les også: Då mommo mista minnene

Skeptisk til minne om bleie og barnevogn

Ut ifrå ein fersk studie trykka i Psychological Science Journal kan det verka som om nesten halvparten av oss overvurderer hugset sitt.

13 prosent av dei 6641 som svarte på undersøkinga, hevdar dei hugsar ting allereie frå eittårsalderen. Heile 40 prosent seier dei minnest ein episode frå før fylte tre, til dømes eit bleieskifte eller ein dag i barnevogna.

Professor og medforfattar Martin Conway er skeptisk til desse svara.

– Eit slikt minne kan koma av at nokre seier noko slikt som «Mor hadde ei stor grøn barnevogn». Personen ser då føre seg korleis denne vogna ville ha sett ut. Over tid blir desse brotstykka til eit minne, og personen vil ofte leggja til ting så som ein tråd med leiker, seier han til The Guardian.

Les også: Søvn styrkar minnet

Me lurer oss sjølv òg i vaksen alder

Det er dessutan ikkje berre dei spede barneåra me kan dikta om: Mange av oss går rundt og hugsar episodar som aldri har skjedd, sjølv ganske nylege episodar. NRK har tidlegare skrive om falske minne som me dannar oss i langt meir moden alder.

Me trur at hugset er eit stort arkiv, fullt av minne som me kan ta ut når me vil og leggja tilbake etterpå.

Men ifylgje psykolog Ylva Østby og systera Hilde Østby, er det ikkje så enkelt. Snarare kan me seia at hjernen set opp eit ufullkoment skodespel av korleis han meiner å hugsa at ein episode kan ha vore. Når me kjem i hug denne episoden seinare, endrar me skodespelet lite grann.

– Kvar gong me erindrer eller gjenfortel noko, diktar me på nytt. Me legg til nye spekulasjonar og nye tankar. Og neste gong inngår det i minnet, seier Svein Magnussen, professor i psykologi ved Universitetet i Oslo.

Les også: Barndomsunivers fekk fart på skrivegleda