Meir enn dobbelt så mange går i Operaen
Over tre millionar har opplevd ein konsert eller ei framsyning i Operaen i Bjørvika sidan opninga i 2008.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir enn dobbelt så mange går i Operaen
Lene Jacobsen er kommunikasjonssjef i Den Norske Opera og Ballett. Ho har grunn til å vera nøgd med resultata: Sidan operahuset kom for ti år sidan, har talet på operagjengarar dobla seg.
– Er det mogleg å snakka om ei klassiskbylgje i dag?
– Det er vanskeleg å seia, men desse ti åra i nytt hus har meir enn tre millionar menneske opplevd ei framsyning eller ein konsert hjå oss, seier ho til framtida.no.
Kan henga saman med smarttelefonar
Jacobsen meiner det kan vera uhyre gildt å søkja inn i mørkret i salen, og særleg no i ei tid der alt går fort og me skal vera pålogga utan stans.
– Folk søkjer seg kan henda til dei magiske augeblinkane som oppstår når menneska på scenen møter menneska i salen, held ho fram.
Også dei unge syner auka interesse for Operaen. Jacobsen fortel at dei har eit eige program med ungdomsambassadørar for å skapa ein arena for ungdom. Av og til blir det jamvel skipa til framsyningar der heile publikum er under 30 år.
Les også: Verdas einaste nynorske opera
Romslege krav til språk og kutyme
– Må me kunna italiensk og russisk for å ha glede av opera?
– På ingen måte. Operaer blir sungne på ei rekkje ulike språk, svarer ho.
Framsyningane blir teksta anten på norsk eller engelsk. Teksten les du på ein liten skjerm på baksida av setet framfor deg, samstundes som det er liv på scena og lyd i orkesteret.
– Opera er både musikk og teater. Vonleg får du gåsehud når det du ser og høyrer, smelter saman til noko større, legg ho til.
– Kva er straffa for å klappa på feil stad under ein konsert hjå dykk?
– He he, det er inga straff! Tvert imot blir me som jobbar i Operaen, ofte veldig glade når folk klappar på andre tidspunkt enn det faste publikummet gjer, for då skjønar me at det er nye folk i salen – og at dei liker det dei ser og høyrer.
Les også: Gjentek nynorsk operasuksess