Få lokalsamfunn har eit så tett tilhøve til opera som Nordfjordeid. Det er ein del av kvardagen. Og akkurat det har blitt ei utfordring for primus motor Kari Standal Pavelich.

Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Kjartan Helleve, Norsk Tidend
Faktaboks

Opera Nordfjord

Held til på Nordfjordeid

Skipa i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. Ho er no operasjef, og han er kunstnarleg leiar.

Produserer ein fullblods opera kvart år. 200 frivillige er involverte i produksjonen.

Har utstrekt samarbeid med Firda vgs og Eid vgs.

Fekk målprisen til Sogn og Fjordane mållag i 2013

Sysselset 1,8 årsverk.

LES FAKTALUKK FAKTA

Artikkelen var først i Norsk Tidend

Midt i Nordfjordeid sentrum ligg Kulturhuset Gamlebanken. Huset blir nytta til kontor, og til eit galleri som blir drive av frivillige. Lokala blir ofte leigde ut til ulike tilskipingar, konfirmasjonar og slike ting. Men ikkje i dag.

Kari Standal Pavelich sit ved eit lite bord med ei lang liste med namn framføre seg. Det er ei liste over dei som håpar å få ei rolle i Opera Nordfjord si oppsetjing av Sound of Music. Eigentleg er det berre halve lista. Det var så mange interesserte at dei må setje av ein ekstra dag til dette arbeidet.

Fjorten år gamle Alexa Valentina frå Nordfjordeid listar seg inn i det store rommet. Michael Pavelich måler fyrst kor høg ho er. Dei plukkar ikkje ut skodespelarar etter alder, men høgd. Om du skal spele ein niåring, så treng du berre sjå ut som ein niåring, du treng ikkje vere ni år.    

Så set han seg ved pianoet og spør mildt, på eit gebrokkent norsk som avslører at han ikkje er oppvaksen i nabolaget.

 – Kva skal du synge for oss i dag?

Alexa dreg til med røysta ho har, Michael lyttar med ein blyant i munnen, medan Kari noterer.  

– Bra!, seier Michael når ho er ferdig.

Så ber han henne syngje ein skala, han finn ut kva stemmeleiet hennar er, han ber henne snakke med barnestemme, han ber henne framføre ein monolog, han ber henne om å seie "Nei!" på ein bestemt måte og han ber henne seie "Ja!" på ein bestemt måte.

Så er Alexa ferdig.

– Eg tykkjer det gjekk fint, eigentleg som forventa. Eg var med i koret i fjor, og fekk lyst til å prøve meg på ei av rollene.

– Trur du det blir ei rolle på deg?

– Eg håpar det, seier Alexa før ho forsvinn ned steintrappa.

– Next!, høyrer eg Michael rope inne. 

LES OGSÅ: Lærer naturfag gjennom opera

Den rette høgda er viktig når ein fjortenåring skal spela ein niåring i operaen.

Flygande start
I 1989 kom ekteparet Michael Pavelich og Kari Standal Pavelich til Nordfjordeid. Ho hadde fått stilling som rektor på Kulturskulen. Som utdanna fiolinist var ho med i orkesteret då operaen i Kristiansund sette opp La Boheme. Medan ho sat der og spelte, kom ideen: "Kvifor ikkje lage opera heime i Nordfjordeid?" Argumenta mot var færre enn dei for. Hausten 1996 lanserte ho ideen om å setje opp Flaggermusen Johan Strauss d.y. hausten 1998. Og oppsetjing vart det. Trass i ein viss skepsis i byrjinga, vart det ein suksess, også økonomisk. 1800 vitja den fyrste framsyninga, og publikum og lokalsamfunnet vart oppglødde. Ei stifting vart etablert, det same vart eit venelag. Michael Pavelich vart kunstnarleg leiar, og Kari Standal Pavelich vart operasjef.

Det  var starten på ein suksess. Dei har produsert dei fleste klassikarane som Figaros bryllup, Carmen og Tryllefløyten. Nokre av produksjonane har involvert meir eigeninnsats enn andre. Hertuginna av Chicago sette Kari om til nynorsk sjølv. Norge-Brasil vart skriven av Are Kalvø og Helge Førde. I fjor omsette Jostein Avdem Fretland Il puritani av Fellini til Søner av sola. Til hausten set dei opp Maskeballetav Verdi, og det blir den attande hovudproduksjon deira. I tillegg samarbeider dei med Eid vidaregåande skule om å setje opp ein skulemusikal kvart år, og sidan 2002 også dei hatt ein mindre produksjon på våren.

Operaen fekk ein veldig opptur då det nye Operahuset på Melvart opna i 2009, og operaen fekk dele hus med biblioteket, kinoen og ikkje minst Eid vidaregåande skule.  Det huset, og ikkje minst den nye salen gav høve til å heve nivået på produksjonane ytterlegare, og samarbeidet med den vidaregåande skulen vart endå tettare.

LES OGSÅ: Nynorsk storm i Operaen

Nært samarbeid med skulane
Kvar gong det dreg seg mot ein ny opera, flyttar skulen ut av nokre av lokala og operaen flyttar inn. Men denne dagen er operafoajeen ei skulekantine. Ved eit av borda sit Solveig Mylebust. Ho har ikkje vore med på operaen, men har vore revysjef ved skulen og veit at jobben hennar skil seg frå andre revysjefar.

– Det gav oss høve til å kunne gjennomføre revyen på ein profesjonell måte. Me har gode fasilitetar, godt utstyr og god sal. I tillegg fekk me god hjelp av dei som arbeider der, og det har inspirert oss i arbeidet, seier Myklebust.

Operasjef Kari kjem og bryt oss av. Det er ikkje lenge til dei unge håpefulle skal prøvesyngje nede i Gamlebanken. Ho kan heller ikkje skryte nok av samlokaliseringa med skulen.

– Ove Bjørlo er ein veldig kreativ rektor som har store ambisjonar for skulen, og har tilsett Michael i førti prosent stilling for å setje opp ein musikal kvart år. Det er ein skikkeleg produksjon med berre elevar frå ålmenn- og yrkesfag. Alt går føre seg på fritida. Det står som arrangør, men me stiller med kostyme, sminke og rekvisittar. Det er likevel ein viktig rekrutteringsarena for oss. I fjor var det femten ungdomar i alderen 15-22 år som var med i koret på hovudproduksjonen vår, mange av dei kome frå skulen.    

Seks år etter opninga er gleda hennar over å få kunne syne fram huset like stor. På eit tidspunkt tek ho meg med i kjellaren for å syne meg garderobane, men døra er låst, og ho innrømmer at det berre er ein gang med garderobar.  

Men innanfor nokre dører merkte med "Green Room", er noko som er verdt å syne fram. Skulen har ei vanleg studieførebuande linje, men også design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. Dei sistnemnde faga må ha verkstader. Det må også ei seriøs scene ha.

– Nivået på maskinparken er fantastisk, seier Pavelich.

– Og elevane veit at arbeidet dei gjer, er viktig. Det skal nyttast, og det finst ein tidsfrist. Ein scenograf som me hadde leigd inn, hadde lenge hatt ein idé om ein måne som skulle gå roleg over kulissane og bruke like lang tid som arien som vart sungen. Det var ei teknisk utfordring som elevane tok og takla.

Ho fører meg gjennom mekanisk verkstad, treverkstaden og inst til tekstillageret. Eit par lærarar freistar å få ein svær skrivar til å fungere. Ho tek meg med vidare og inn på scena. Ein teknikar driv og ryddar etter at Eikanger-Bjørsvik Musikklag har halde konsert.

– Det er ein fantastisk sal, ikkje sant?

Salen har ein fantastisk akustikk, mykje fordi han skulle nyttast av operaen. Og han er stor. Når ein tek vekk dei fyrste radene for å gjere plass til eit orkester, tek han nesten 490 gjester. Å fylle salen har etterkvart synt seg å vere den største utfordringa.

– Reint kunstnarleg er me der me skal vere. Det einaste skåret i gleda, er at det har vore ein nedgang i billettsalet dei siste tre åra. Me merkar at me har fått konkurranse frå andre aktørar, seier Pavelich.

LES OGSÅ: Gjentek nynorsk operasuksess

Nedgang i publikumstalet
Ironisk nok er det operahuset som har skaffa den konkurransen. Tidlegare var ikkje Nordfjordeid ein naturleg stoppestad for kommersielle aktørar, det var ikkje noka høveleg scene der. No har det endra seg, og i løpet av eit år kan ein gå på konsert med Halvdan Sivertsen eller De Tre Tenorer. Publikum har fått eit heilt anna kulturtilbod enn dei hadde tidlegare. Pavelich understrekar at ho ikkje har noko i mot artistane som kjem, og tykkjer det berre er bra at huset blir nytta til mange ting. Men det krev sitt.

– Tidlegare var tre lysingar i avisa nok, ved billettsalstart i juni, ved skulestart og så ei veke før premieren. I tillegg hadde me plakatar. Det var nok. Sette me opp ein opera, så kom alle. Slik er det ikkje lenger. Det er blitt mykje tyngre å få folk opp av stolen. I fjor gjekk me ned frå ti framsyningar til åtte, og likevel vart ikkje det utselt.

– Kva er grunnen?

– Det er ikkje godt å seie, det blir berre spekulasjonar. Skulle me visst det sikkert, måtte me ha spurt dei tusen som ikkje kom i fjor, kva grunnen var. Det kan vere tilfeldig og litt latskap. Kan hende ikkje dei kjenner den same lojaliteten som dei hadde tidlegare. Me kan ikkje rekne med at folk går av lojalitet lenger.

– Er folk gått lei?

– Eg trur ikkje det er av vond vilje. Det er litt sånn at dei gjekk i fjor, men gløymde det i år. Det er mange eg snakkar med, som seier at dei hadde tenkt å gå, men at det ikkje passa heilt. Så det er ei nøtt å knekke, men me må jobbe hardare for å få folk til å kome. Eg trur det viktigaste argumentet vårt er at me kan love høg kvalitet. Det er ein skikkeleg operaproduksjonar, og det bør folk få med seg. 

– Kva konsekvensar får dette for dykk?

– Det blir sjølvsagt tøffare, men det går førebels heilt fint. Me har hatt litt eigenkapital å tære av, og greier oss. Me har alltid hatt stram økonomistyring og god kontroll. Det einaste me ikkje har kontroll på, er billettinntektene. Me skal kunne lage god opera sjølv med mindre pengar, men det går sjølvsagt utover kva produksjonar me kan setje i hop. Mindre inntekter gjer noko med den kunstnarlege fridomen, men me skal greie å lage ein opera av høg kvalitet likevel, seier Pavelich.

LES OGSÅ: Saman mot toppen – AURORA og søstrene

– Blir stolt
Ho må attende på kontoret. Eg svingar innom Siv Langøen Rotevatn, kommunestyrerepresentant for Venstre. Ho veit kor viktig økonomien er. Ei uro for at operaen ikkje skulle få nok stønad frå kommunen, gjorda at ho gjekk inn i politikken. 

– Det er slik for mange at det er enkeltsaker som gjer at ein vil engasjere seg, seier Rotevatn.

– For meg var det to ting: Kulturskulen og Opera Nordfjord. Eg hadde vore med som frivillig i kostymegruppa og visste at kommune sin stønad var viktig. Etter eg hadde vore med i politikken ei stund, kom rektor ved den vidaregåande skulen og den dåverande ordføraren opp med ideen om å byggje eit kombinert operahus og skule. Då visste eg at det var på fylkesnivå det ville skje, og tok ein periode i fylkestinget. Det er klart at den offentlege stønaden er viktig for institusjonar som denne, sjølv om summane er relativt låge. Du får veldig mykje kultur for pengane når dei er kobla saman med så mykje dugnadsarbeid. Operaen i Oslo må sjølvsagt vere heilprofesjonell. Men det morosame at me her, med berre ein brøkdel av dei same midlane, også greier å lage kvalitetsopera, seier Rotevatn.

Finansieringa er delt i tre. Staten går inn med ein viss sum, mot at fylket og kommunen gjer det same. Opera Nordfjord er ein fast post i alle tre budsjetta, noko som gjer det enklare å styre økonomien og planleggje for framtida. No er det likevel tøffe tider i fylket, og det må kuttast. Rotevatn seier at eit slikt kutt vil ha store konsekvensar.

– Nett det at stønadsordningane er knytte saman, gjer at staten kan finne på å kutte tilsvarande og då følgjer kommunen etter.

– Kva trur du er grunnen til at operaen har lukkast så godt?

– Nøkkelen til suksess er å få med frivillige, noko eg trur var medvite. Det skapte eit veldig eigartilhøve for mange. Det vart vår opera. Det er ikkje DEI i Opera Nordfjord, det er OSS i Opera Nordfjord. Det blei ein "snakkis" hjå dei som var med, familiane, kollegaene, naboane og slektingane deira. Dette at ein var med på noko nytt og spennande, skapte engasjement. Absolutt alle frivillige var velkomne, frå alle lag av folket, og det gjorde at ein fekk tona ned inntrykket av at opera var finkultur. Det blei noko som alle kunne få vere med på om dei ville. Dei frivillige vart alltid gjorde ære på, fekk alltid ei kjensle av at dei var viktige.

– Er du stolt?

 –  Sjølvsagt. Folk var stolte å få til noko som ingen trudde me skulle få til. Dei fleste, også dei som ikkje har gått på operaførestillingane sjølve og ikkje likar opera, har vore stolte over at dette har vore mogeleg å få til i ei så lita bygd, og at prosjektet har fått så mykje positiv omtale i media. Brått var me i Dagsrevyen på laurdagskvelden, og det var tosidersartiklar i Bergens Tidende. Eitt av ei åra eg var med, så prøvde eg heilt systematisk å klyppe ut alle avisoppslaga om operaen, og det vart ein heil vegg med positive oppslag. Det er klårt ein blir stolt av slikt, det seier seg sjølv.

– Lever denne entusiasmen framleis?

– Det er råd å diskutere. Er operaen blitt noko meir sjølvsagt, noko som går av seg sjølv? Men det går aldri av seg sjølv. Noko av spenninga er nok vekk. Før hadde folk aldri vore i operaen, dette var noko nytt. Men når så neste framsyning kom, så hadde dei vore i operaen. Og det er skilnaden på denne staden og ein by. Det er ein hard kjerne som er genuint opptekne av opera, og den kjernen er mindre her. Så det er ingenting som går av seg sjølv.

– Du er i alle fall entusiastisk.

– Eg set meg ikkje ned i stolen heime og høyrer på opera. Men eg lærde meg å like det då eg var i kostymegjengen, eg forstod meir av det. Det er noko heilt anna å sjå ein opera enn å høyre ein. Det blir ikkje berre musikk. Du ser flotte kostyme, du ser flotte kulissar, og du ser mykje fint skodespel. Når du i tillegg ser ein nabo i koret, så er det ikkje berre eit musikkstykke som du kanskje ikkje kjenner så godt. Du blir riven med, seier Rotevatn.

LES OGSÅ: Tøysete nynorskmusikal om politikk og kongelege

Operaen i Nordfjord har forandra bygda, og publikum har fått eit mykje større kulturtilbod.

Høg kvalitet og dugnadsarbeid
På kontoret i andre etasje på Gamlebanken, med veggar dekorerte med plakatar frå tidlegare oppsetjingar, førebur Standal Pavelich seg til prøvesynginga. Ho er langt i frå stressa, gler seg meir. Dei har lenge hatt ynske om å lage ei familieframsyning, og har berre gjort det ein gong tidlegare. No håpar dei å etablere det som eit fast innslag i operaåret.

– Me enda på Sound of Music. Me må ha noko folk har høyrt om før. Det er greitt å sitje å ha kunstnarlege ambisjonar om å setje nye og meir ukjende verk, men ikkje når talet på besøk går ned. Det ville ikkje ha vore ansvarleg. Men det går an å lage høg kunst som samstundes sel. Og me elskar Sound of Music.

– Akkurat det med kunstnarlege ambisjonar verkar å vere eit stikkord her?

– Det er to ting som gjer at me har lukkast, og eg kan ikkje seie det eine utan å nemne det andre. Eg vil byrje med kvalitet. Dette er noko av særmerket vårt, noko me har vore opptekne av sidan starten i 1998. Det har vore eit mål å ha profesjonalitet i alle ledd, solistar, dirigentar, scenografar og ikkje minst orkester. Om me hadde starta opp med eit amatørorkester, så hadde det avgrensa arbeidet vårt. Det er ikkje meininga å snakke stygt om amatørorkester, og mange distriktsoperaer er bygde opp rundt nett slike orkester. Det er nesten stygt å seie det, men for oss var det ei lukke at det ikkje var eit slikt orkester her. Me kunne leggje lista som me ville, og me la ho høgt. Orkesteret låg inne i budsjettet frå dag ein. 

– Og den andre tingen?

– Me kunna aldri ha laga opera utan dugnadshjelp. Du kunne like godt ha bytt om på det, det eine er knytt tett saman med det andre. Når dugnaden er kopla til høg kunstnarleg kvalitet, får du stolte dugnadsarbeidarar. Dei er med på noko stort, dei lærer mykje nytt, og dei strekkjer seg. Dei blir berre flinkare og flinkare for kvart år. Du kan kalle dei amatørar, som i ordets rette forstand tyder "å elske det ein gjer". Du får ein eigarskap.

– Blir du aldri lei av dei som tykkjer dette er eksotisk? 

– Eigentleg kan ein bli fornærma av folk som trur at dette ikkje skulle vere mogleg å få til. Kvifor skulle det ikkje det? Men ein skal ikkje bli høg på pæra. Om nokon tykkjer det er fasinerande, så får det vere ein god ting, dei veit jo ikkje betre. Sjølvsagt har me musikarar, snikkarar og sydamer som er dyktige nok. Alle oppsetjingane våre dei siste åra kunne ha vore ei oppsetjing på dei fleste operascene i Europa. Det står eg inne for. Ja, det er heimesnikra, men det er ikkje dårleg. Så det tener ikkje til noko å bli fornærma. Det blir eg aldri. Eg er glad for at dei blir positivt overraska. Difor er det viktig at det kjem folk frå utsida. Me kan sitje her og vite at det bra, men det er bra når andre kjem og ser det same. Når folk i Oslo høyrer at det me held på med er bra, så mistenkjer eg dei for å lure på kor bra det eigentleg er. Er det bra etter ein lokal standard? Nei, det er ikkje bra etter ein lokal standard. Eller rettare: den lokale standarden er høg, seier Standal Pavelich.

I etasjen under er dei fyrste ungane komne. Ein ung gut sit og vippar med beina på ein plaststol. I arket har han teksten på songen han skal syngje, han prøver hardt å konsentrere seg.

– Next!

LES OGSÅ: – Eg risikerer å aldri nå mitt fulle potensiale i Noreg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE