Sykla frå Hellas til Nordkapp på tresykkel

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På 97 dagar tråkka Paul Efmorfidis og Sofia Daminaki seg fram på to gir frå Kreta, lengst sør i Europa, til Nordeuropas nordlegaste punkt på Nordkapp. Distansen er på 12.470 kilometer. På den siste etappen frå Oslo fekk dei følge av Dimitris Tsetsilas.

Dei langvegsfarande kom fram til målet tysdag.

Sofia Daminaki har sykla heile vegen frå Kreta til Nordkapp. Foto: Kjell-Bendik Pedersen, Radio Nordkapp

– Vi hadde i tankane at vi ville bevise at alt er mogleg, seier Paul Efmorfidis i eit intervju med Kjell-Bendik Pedersen i Radio Nordkapp.

Med sykkelturen ønska han òg å sette fokus på brystkreftsaka, og på det å leve eit sunt liv.

Les også: Framkomstmiddel, statussymbol og hatobjekt i hundre år

Produktutvikling på Universitetet i Athen

Syklane starta som ein idè på universitetet i Athen, der studentane jobbar fram ulike produkt som tannbørstar laga av tre og oppbevaring av shampoo i bambus.

Syklane er kun laga av treverk, og alt er gjort for hand. Det einaste utstyret som dei har kjøpt inn er dei to gira.

– Vi ville ha gir utan vaierar fordi vi ville ha syklar som ikkje kan bli øydelagde,  fortel Efmorfidis til Radio Nordkapp.

Han fortel at dei har sykla heile distansen utan problem med syklane.

Les også: Sykkelhjulet som forsvann

Vakkert å leve enkelt

Med på turen hadde dei med berre det aller mest naudsynte, i små ryggsekkar. Kleda vaska dei på hotell undervegs når dei fekk moglegheit.

– Du veit, å leve enkelt er så vakkert. Du treng ikkje å bekymre deg for noko. Du tenker berre på korleis du skal nyte og ha glede av naturen. Og naturen gir alt tilbake til oss, seier Paul Efmorfidis til Radio Nordkapp.

Han fortel at dei undervegs både har fått god kontakt med naturen og folk dei har møtt.

Syklane er laga av tre og for hand. Foto: Kjell-Bendik Pedersen, Radio Nordkapp

Kontakt med folk undervegs

– Om du ikkje har pengar, så går du til eit hus og spør «kan du gje meg litt vatn og litt brød, ver så snill?» Så får du kontakt med folk og opplever latter og moro.

Undervegs har dei sykla gjennom Frankrike, Italia, Spania, Danmark, Sverige, Nederland og Belgia.

– Vi er veldig rike. Vi såg så mange vakre ting, vi snakka med forskjellige folk, vi opplevde mykje, seier han.

På Nordkapp møtte dei òg ordførar Kristina Hansen.

– Eg seier til dei at dei er jo galne. Men det er nydelege syklar, veldig spesielle. Eg ser dei vekker begeistring òg hos dei andre turistane som er her oppe. Dei blir fotograferte heftig, fortel ho.

No har syklistane starta på heimvegen, denne gongen i bil og med fly. Når dei kjem heim har dei lova ordføraren ein kjempesykkel i tre som skal vise syklistane på Nordkapp at dei er velkomne.

Les også: – Vi er i privatbilens siste dagar