Framkomstmiddel, statussymbol og hatobjekt i 200 år

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år feirar sykkelen 200-årsjubileum. I 1817 lanserte baron Karl Drais det som seinare blei kjent som dresin eller velosiped, forgjengaren til den moderne sykkelen. Føraren sat på eit polstra sete på toppen ein trebjelke og fekk framdrift ved å sparke eller springe. Sidan sykkelen mangla pedalar kan ein sjølvsagt diskutere om dette faktisk var ein sykkel. Korleis ein definerer ein sykkel er noko av det forfattar Magne Brekke Rabben tek for seg i boka Sykkelens historie i Norge, som kom ut på Museumsforlaget tidlegare i september.

Framsida til boka Sykkelens historie i Norge. Foto: Helgeland Museum

– Kva er ein sykkel?

– Det er eit definisjonsspørsmål. Må ein sykkel ha pedalar? Juridisk sett må den kanskje det, men ein finn jo òg framkomstmiddel i dag som blir kalla syklar trass i at dei manglar pedalar, seier Brekke Rabben.

I boka ser Rabben på betydninga sykkelen har hatt i Noreg frå den gjorde inntog på 1800-talet og fram til i dag.

Frå statussymbol til nyttegjenstand

På 1860-talet byrja pedaldrivne syklar å dukke opp. Mellom anna i Paris og i USA. I Kristiania fortel rykta at det i 1868 blei observert ein velosipedryttar. Eit meir handfast prov finn vi i Aftenposten i 1869, der antydar ein annonse at det kan vere velosiped å få kjøpt i Noreg.

– Kven som først byrja å sette pedalar på det som til no hadde vore løpsmaskin, er uvisst. Det er mange kandidatar, men det var i Paris dette først blei ein økonomisk suksess, fortel Brekke Rabben.

– Har sykkelen alltid vore framkomstmiddel?

– Ja og nei. Syklane i Noreg fram til om lag 1880 var låge og hadde trehjul. Dei var veldig humpete og blei i liten grad nytta som framkomstmiddel. Då var dei meir som eit statussymbol å rekne. Dette endra seg delvis då veltepetter gjorde sitt inntog i 1880-åra. Men det var først frå 1890 med den låge sykkelen, som i utsjånad er veldig lik sykkelen slik vi kjenner den i dag med to like store hjul og kjede, at sykkelen verkeleg blei populær. Den gjorde det lettare å komme seg fram med sykkel som hjelpemiddel, fortel Brekke Rabben.

Likevel var det framleis ikkje alle som hadde høve til å nytte sykkelen som framkomstmiddel.

– Sykkelen var kostbar. Utviklinga gjekk gradvis, men sykkelen blei ikkje allemannseige i Noreg før på 1920-talet. Då blei det for alvor vanleg å eige sykkel.

Glede og irritasjon

At fleire tok i bruk sykkel blei ikkje berre tolka positivt. Pressa omtalte mellom anna den dårlege trafikkulturen blant syklistane.

Frå sykkelparade i Sandnes i 1965. Syklar frå ulike tidsepokar deltok i paraden. Foto: Ukjent/ Jærmuseet

– Sykkelen har til stadigheit skapt rabalder. På slutten av 1800-talet då veltepetter var det siste nye innan sykkelmote, var det mange som irriterte seg over at syklane forstyrra hestane og skremde dei. Det var ofte bygutar som reiste til landsbygda for å sykle, og då blei bøndene irriterte over at dei tok over vegane, fortel Brekke Rabben.

I boka fortel han om fleire ulykker der velosipedar var innblanda. Det var ikkje situasjonane der sykkelførarane kom til skade som opprørte innbyggjarane, men situasjonar der fotgjengarar blei skremde eller skadde og hendingar der hestar blei skremde.

Sjølv om hestane etter kvart forsvann frå vegane endra ikkje dette synet på sykkelen.

– Heller ikkje bilistane var blide på syklistane. Det blei ein kamp om vegen. Alt på 1930-talet meinte bilistane at syklane var i vegen for dei. På 60-talet, då rasjoneringa på bilar blei fjerna, eksploderte salet av bilar og sykkel blei sett på som sært. Irritasjonen frå bilistane auka og lever framleis i beste velgåande, seier forfattar Brekke Rabben.

LES OGSÅ: Verdas lengste sykkeltunnel

Samfunnet tilpassar seg

Den amerikanske transportministeren, Anthony Foxx og og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, på sykkeltur på Fornebu.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix/ NPK

Trass i og kanskje på grunn av irritasjon frå medtrafikantar har syklistane fått stadig meir tilrettelagde forhold for sykling, til dømes gjennom sykkelvegar.

– Den første sykkelvegen dukka opp i Oslo på 1940-talet, men det ser ut til å vere eit enkeltståande tilfelle på den tida. På 70-talet dukka det opp gang- og sykkelvegar, der syklistar og fotgjengarar delte areal, fortel Brekke Rabben.

Også tryggleiken til syklisten blei etter kvart betre vareteken. Sykkelhjelmen gjorde inntog på 1980-talet, mykje på grunn av mange ulykker i trafikken.

LES OGSÅ: Uroa over slurv med sykkelhjelmar

Foreldre er flinke til å utstyre barna med sykkelhjelm eller redningsvest, men innomhus går det meir tilfeldig for seg når det gjeld å sikre barna mot ulukker.
Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

– Sykkelhjelmen kom på bana som ledd i ein målretta kampanje på 80-talet. På slutten av 70-talet var det blitt veldig farleg i trafikken, mykje farlegare enn i dag. Trygg trafikk blei etablert alt på 1950-talet og det var dei som sette i verk sykkelhjelm-kampanjen, seier Brekke Rabben.

Korleis framtida til sykkelen blir er vanskeleg å spå, men som Brekke Rabben skriv: Men hvis det ein gang i fremtiden ikke vil være bruk for sykkelen, er det fordi det har kommet noe nytt- ein ny frihetsmaskin for alle fra små barn til eldre, for fattig og for rik- som er enda bedre til de tingene sykkelen er god på. Hva skulle det være? Det er sannelig ikke godt å si.

 

LES OGSÅ: Fleire droppar bil og vel el-sykkel