Om du tek til takke med enkle kår, har Statskog vel hundre buer og koier i heile landet som er gratis og opne for alle.

– Dei største opplevingane ligg ofte i dei små tinga. Nokre har oppdaga verdiane i dei opne buene til Statskog, men for mange er dei framleis skjulte skattar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding frå Statskog.

Dei enkle buene og koiene er ein del av arbeidet til Statskog med å leggja til rette for friluftsliv i Noreg. Tidlegare blei dei fleste buene eller koiene brukte som overnattingsstader for tømmerhoggarar og tømmerfløytarar.

Les også: Ei natt med gratis overnatting på fjellet

Enkle kår i vakker natur

Dei fleste ligg så langt frå vegen at det passar å pakka sekken og setja av ein dag eller to. Andre eignar seg best som mål for ein dagstur eller ein kveldstur. Nokre stader ligg dei opne buene så tett at det er mogleg å gå frå bu til bu.

– Tek du til takke med brisk, utedo og vatn frå bekken, har vi temmeleg unike stader å by på, seier kommunikasjonssjef i Statskog Trond Gunnar Skillingstad.

På nettsidene til Statskog kan du lesa meir om tilbodet. Mellom anna har ti personar i Noreg plukka ut kvar si favorittbu.

Les også: DNT har trua på ny hyttetrend i Sogn og Fjordane fylke

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE