Frå 30. juni til 1. juli i sommar er det mogleg for alle DNT-medlemmar å overnatte gratis på ei av hyttene til DNT. Tilbodet er ein del av 150-årsmarkeringa til Turistforeininga, skriv DNT på heimesida si.
Håper på stort oppmøte
– Vi håper at tilbodet om gratis overnatting blir tatt godt imot, og at det bidreg til at mange finn vegen til fjellet i jubileumsåret, seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn, som har ansvar for mange av dei betente hyttene.
- Les også: DNT trur på ny hyttetrend
Tilbodet gjeld både ved førehandsbestilling og direkte oppmøte på hytta. Gyldig medlemskort må visast fram, dette kan ein laste ned på mobilen. Det er også mogleg å melde seg inn elektronisk eller på hyttene.
Fullstendig oversikt over kva for hytter tilbodet gjeld, finn du på DNT.
Oppdatert:
måndag 18. juni 2018 15.38