Beste norske kinohalvår sidan Max Manus kom i 2009

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beste norske kinohalvår sidan Max Manus kom i 2009

Eit dårleg kinobesøk i juni skuggar ikkje for eit så langt godt kinoår. Til no har det blitt selt 5.493.200 billettar frå billettlukene til dei norske kinoane.

Norsk film er også ei suksesshistorie så langt i år: Det er selt 1,4 millionar billettar til norske filmar i 2018, noko som gir ein fin norskdel på heile 25 prosent.

– Dette er det beste norske kinohalvåret sidan «Max Manus» (2009), heiter det i pressemeldinga frå bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Les også: 12 Amanda-nominasjonar til «Thelma»

«Den 12. mann» har blitt ein storsuksess

På topp-ti-lista ser vi at norske filmar ikkje står tilbake i konkurransen med internasjonale storfilmar.

– «Den 12. mann» er den klart mest sette filmen så langt, og på tredjeplass kjem «Norske byggeklosser», og på sjuande «Utøya 22. juli», seier administrerande direktør Guttorm Petterson i Film & Kino.

Han har stor tru på at det norske kino-toppåret kjem til å fortsette med ny Karsten og Petra-film i sikte i august («På skattejakt»), og «Skjelvet» 31. august. Attpåtil har «Månelyst i Flåklypa» premiere 21. september.

Les også: Dei sju kinovettreglane

Best besøkte filmar første halvår 2018:

* «Den 12. mann»: 425 239

* «Avengers: Infinity War»: 341 190

* «Norske byggeklosser» 263 244

* «Black Panther»: 260 631

* «Coco»: 256 360

* «Deadpool»: 251 767

* «Utøya 22. juli» 247 956

* «Fifty Shades Freed» 212 750

* «Jurassic World: Fallen Kingdom»: 195 927

* «Jumanji: Welcome to the Jungle»: 155 121

Best besøkte norske filmar første halvår 2018

* «Den 12. mann»: 425 239

* «Norske byggeklosser»: 263 244

* «Utøya 22. juli»: 247 956

* «Operasjon Mørkemann»: 148 603

* «Per Fugelli – siste resept» 79 521

* «Brillebjørn på bondegården» 62 497

* «Los Bando»: 32 965

* «Trondheimsreisen»: 28 968

* «Hva vil folk si»: 14 841

* «Rett Vest»: 10 174