Dei sju kinovettreglane

Synne Grimen Hammervoll/Studvest
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Les saka i Studvest!

Eg er over gjennomsnittet glad i å gå på kino. Der kan eg sjå filmar utan distraksjonar. Som oftast. Det spørs alltid litt på kven som sit saman med meg. Derfor har eg laga ei liste med fullstendig egoistiske, men subjektivt sett veldig gode tips til korleis folk skal oppføre seg på kino.

LES OGSÅ: Nordmenn strøymer til kinosalen

  1. Hei, du som tek av deg skoa og snik foten din inn mellom seta framfor for å kvile den der: Det er ikkje kult, og tåfisen din stinkar.
  2. On that note (for å seie det på godt norsk), treng du heller ikkje sparke i seteryggen til dei framfor deg. Du er ikkje ein femåring på eit fly, og burde ikkje halde på slik.
  3. Det er mogleg eg byrjar å dra på åra no, men kva er greia med dagens unge og mobiltelefonar på kino? Legg den vekk. Du treng verken Messenger, Candy Crush eller Snapchat medan du er på kino. Ikkje minst er dette til ekstremt stor plage for dine nabomenn og – kvinner i desse timane.
  4. Denne gjeld nok dei færraste der ute, men ein tidlegare klassekamerat tok ein gong med seg avis på kino. Det går ikkje an å bla stille i VG. Det går berre ikkje an.
  5. Og når ein er inne på dette med lyd: Høglytte snacksposar er ein uting. Nok sagt.
  6. Eg skal ikkje nekte deg å kviskre litt til sidemannen, det er eg nok skuldig i å gjere sjølv, òg. Men om de har tenkt å halde ein samtale gåande kunne de fått fire-fem koppar kaffe på ein av dei mange kafeane i nærleiken av kinoen for samme pris som kinobilletten. Faktisk, om de veit kvar de skal gå, kan de få så mange som tolv. Eller eit uendeleg antall gratis dersom de har Saman-koppen. Eg berre seier det.
  7. Det er aldri for seint å snu, blir det sagt. Så om du er sein, må du gjerne snu for min del. Folk som kjem inn i salen etter at filmen har begynt, og så skal jobbe seg gjennom rekkene for å finne plassane sine er ikkje velkomne hos meg.

LES OGSÅ: Kino er framleis det mest populære kulturtilbodet

Så her har du ein guide til neste kinotur. Del den med dine kinovenner, og ta gjerne med deg lista på neste filmutflukt. Men sjå punkt fire og seks, då.