Laiv leik for folk i alle aldrar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilt laiv rollespel

– Det er enklare enn du trur å bli engasjert. Fyrste gong eg var med så var eg ganske skeptisk, men etter ein halvtime såg eg korleis alle var heilt inne i rolla si og då blei det naturleg for meg å detta inn i mi eiga rolle. Men det var det gode miljøet som fekk meg til å halda fram med denne hobbyen, seier Erling Nes Mygland.

LES OGSÅ: Fansen som slår beliebarane

Polstra våpen
22 år gamle Mygland er leiar for ”WestLaiv, ” den lokale laivgruppa i Haugesund og omegn. Gruppa er ein del av Hyperion, som er Noregs forbund for fantastiske fritidsinteresser .

Laiv er ein fornorsking av det engelske ordet ”live” i frå uttrykket ”live action role playing.” Laiv kan forklarast som ein kombinasjon av improvisasjonsskodespel og nesten vaksne gutar og jenter som leikar med polstra våpen. Leikinga skjer i ei alternativ verd og deltakarane får utdelt ei rolle med ein bakgrunnshistorie og eventuelle vener og fiendar. Kvar som skjer vidare er opp til deltakaren sjølv.

LES OGSÅ: Bli betre til å lesa med action-spel

Saka fortset under biletet.


Biletet frå Conquest of Mythodea, ein stor laiv i Tyskland. Foto: Cecilie Osland

Laiv for alle
”Westlaiv” blei stifta i sommar og har så langt berre 15 registrerte medlemmer, men det er langt fleire som er aktive i laivmiljøet i tillegg til ein del som er innom ein sjeldan gong.

Mygland har sjølv halde på med laiving i 6 år og brukar mykje av fritida si på det.

I WestLaiv kan kven som helst laga ein laiv. Om nokon har ein idé til ein laiv så er det berre å seia i frå til styret og så hjelper dei deg med alt frå vidareutvikling av idéen til lokale og økonomi.  

– Styret bestemmer kor mykje pengar me skal støtte prosjektet med, og resten må bli dekka av deltakaravgift. Avgifta er billegare for medlem av WestLaiv og dekkjer opphald og mat, seier Mygland. Etterpå legg han at til at alle arrangement er rusfrie.

LES OGSÅ: Politiet seier nei til masker

Con i framtida
I næraste framtid så har WestLaiv ingen store planar, men på sikt så har dei større.

– Me har lyst til å arrangera eit con, som er ein stor samling med forskjellege aktivitetar innan eit interesseområde. Men det er eit langtidsprosjekt og kjem mest sannsynleg ikkje til å skje før om eit par år, seier Mygland.

Det er ingen hindringar for at nokon skal vera med på laiv, absolutt alle er velkomne.

– Det finst laivorganisasjonar over nesten heile Noreg. Det er berre å ta kontakt med Hyperion så hjelper dei deg med å finna næraste laivgruppe.  

LES OGSÅ: Ingen planar om kostymeforbod på norske kinoar


Laiv er leik på ramme alvor. Foto: Cecilie Osland