– Det var ikkje eg som valde Liverpool. Liverpool valde meg, påstår Nina «Babsy» Løyning (46)

Trude Aarsand, Kvinnheringen.no
Trude Aarsand, Kvinnheringen.no

Saka var først i Kvinnheringen

At Nina og Liverpool har eit forhold er i alle fall treffsikkert sagt, same korleis det gjekk til. Eit heilt rom i andre høgda i husværet i Lyngvegen på Husnes er via til det engelsk fotballaget. Tepper, puter, gardiner, trøyer, suvenirar og mykje anna fiffig er alt saman i raudt og kvitt og knytt til Liverpool FC. Mykje av det har ho laga sjølv. Klubben sitt slagord er å sjå overalt; «You'll never walk alone», eller berre YNWA mellom supporterar. Åleine med lidenskapen er ho ikkje. Supporterane er talrike i mange land. Nina høyrer definitivt til dei ivrigaste. Når ho snakkar om laget er det sjølvsagt ikkje i tredjeperson, nei då, ho seier «vi», som var ho ein del av det. Rett skal vera rett, ho er det.

LES OGSÅ: – Ein heilt alminneleg hobby

Strikkar heltar
Nina er kjent for å vera svært så flink med hendene. Det siste ho har funne på med dei er rett og slett forbløffande; ho strikkar portrett av Liverpool sine største heltar! Store portrett i ull, som òg kan brukast som pledd. Best er det likevel å ha pledda til pynt. Slike kunstverk kan det ikkje slitast unødig på.

Ho viser fram det første ho strikka. Eit av av Liverpool sin spelar nummer 10; Phillippe Coutinho. Den strikka utgåva er utruleg lik originalen, heilt ned til minste detalj.

– Korleis i all verda greier du å få det så likt, Nina?

– Kanskje fordi eg har det med å tenkja som Pippi: «Det har eg ikkje gjort før, så det kan eg heilt sikkert», seier den blide kunstnaren som ikkje er det minste redd for å prøva seg på nye ting.

Litt hjelp frå eit dataprogram fortel ho om. Eit program som «les» fotografiet, for så å koma ut med ei strikkeoppskrift. Men designet og det nøyaktige og tidkrevjande arbeidet, som krev heilt jamn strikking, det får ho inga hjelp til nokon stad. Der må ho stola 100 % på seg sjølv, noko som verkar nokså trygt, etter alt det vi ser av handlaga saker og ting heime hos henne. Ho viser portrettpledd nummer to. Eit endå større og minst like fasinerande som det første. Det er av spelar nummer 8, Steven Gerrard. Han var fast spelar og lagkaptein for Liverpool FC i mange år. 30. mai i år spelte han siste kampen.

– Eg bestemte meg for å strikka pleddet ferdig før den kampen. Det greidde eg akkurat.

– Kva følte du då?

– Oi. Det var sterkt, seier ho blank i augo og mållaus. Det siste opplever ein ikkje ofte i møte med Nina. Kampen var derimot ikkje mållaus. Vi spør korleis det gjekk.

– Vil ikkje snakka om det. Vi tapte. Spelarane var ute av seg fordi Stevie G skulle slutta til fordel for Los Angeles Galaxy, fortel ho, ute av seg ho òg. «Stevie G» er kva Steven Gerrard vert kalla blant «vener». Nina kjem raskt inn frå sidelinja. Engasjert viser ho oss portrettpledd nummer tre. Denne gongen er det Kenny Dalglish som står for tur til å bli maska saman av Nina. «King Kenny» går den tidlegare fotballspelaren, med 515 LFC-kampar bak seg, for.

LES OGSÅ: Det trivelege marerittet

Ny på banen
No vil vi vita kvifor ho seier at det ikkje var ho som valde Liverpool, men omvendt. Då må ho først tilbake til barndomen. Eit søskenbarn, som var sjømann, kom heim frå Liverpool med ei fin gåve til vesle Nina; ein retrobag med Liverpool-symbol på og eit flott bilde av Liverpool-spelaren Kevin Keegan. På 70-talet var han rekna for å vera ein av verdas beste fotballspelarar.

– Ikkje at eg var fotballinteressert den gongen, men bildet av Keegan fekk ein fin plass mellom popstjernene på veggen min. Med tida begynte nok hjarta mitt å banka for laget, utan at eg var heilt klar over det, fortel ho.

Det er berre tre–fire år sidan det gjekk opp for henne at laget i livet hennar er og blir Liverpool FC. Ein ven på overnattingsbesøk drog henne med på Gry Helges for å sjå ein fotballkamp med Liverpool.

– Eg skjønte ikkje kva eg skulle der å gjera, men vart overtalt fordi han argumenterte med at dette var ein viktig kamp. Kort fortalt; vi vann, og eg var selt. Betre greier eg ikkje å forklara det. Det vart berre slik, fortel ho.

Etterpå har det balla meir og meir på seg. Ikkje berre er huset fullt av Liverpool-effektar, også på kroppen viser det. Tre tatoveringar er det blitt til no. På begge armane og eine leggen. Flotte tatoveringar med Liverpool-fuglen, eller «Liver bird», og greier. Fuglen er eit symbol for både byen og fotballaget.

– Eg likar tatoveringane mine. Momchil Burmov har gjort godt arbeid, rosar ho.

Burmov driv tatoveringsstudio på Husnes.

ADHD
Nina strikkar Liverpool-genserar òg, omlag 50 hittil. Designet lagar ho sjølv. Fem ulike mønster har ho skapt, og mange er dei som går rundt i slike genserar, anten strikka av Nina, eller strikka av andre etter Nina sine mønster. I tillegg driv ho med alt mogleg anna handarbeid, snikring, hagearbeid og meir til.

– Mottoet er at eg lagar sjølv det som er mogleg å laga, fortel energibunten.

– Men korleis får du tid til alt dette?

– Eg har ADHD, om det er eg open. Den typen som gjer ein hyperaktiv. Eg kan ikkje sitja i ro, men prøver å bruka energien til noko nyttig og kjekt, seier ho med eit fornøgd smil og klappar på det eine portrettteppe.

Ho har sjølv valt å ikkje ta medisin.

Den siste tida har ho hatt plager med nokre utidige cystar i svelget. Dei plagsame og smertefulle tilvekstane er no operert bort, og Nina begynner å koma seg, etter lang tids sjukemelding.

– Eg veit at mange lurer på korleis eg kan ha overskot til å vera så aktiv når eg er sjukemeldt. Folk spør gjerne kvifor eg ikkje går på jobb i staden for. Til dei vil eg seia at dei ser meg på gode dagar, ikkje på dei dagane eg har vore sengeliggjande med sterk hovudverk grunna cystane, seier ho.

Nye utfordringar er i vente. På seinsommaren skal ho gje eine nyra til mor si. Det blir ein stor operasjon, som Nina samlar krefter til.

– Eg er ikkje så veldig redd for dette. Mamma er sjuk, og eg vil hjelpa henne. Så enkelt er det. Det eg kvir meg mest til er at eg må slutta å røykja nokre veker før inngrepet, uææh, men eg skal greia det òg!

LES OGSÅ: Dette laget er sponsa av mamma

Til Anfield
Som ihuga supporter reiser ho av og til til Anfield, Liverpool FC sitt heime-stadion. To turar og tre kampar er det blitt på dei tre – fire åra som er gått sidan den skilsetjande opplevinga på Gry Helges. På siste turen opplevde ho noko utanom det vanlege.

– På tribunen sat ein person som var kledd i ein av genserane mine. Det vart heilt spesielt. Og då eg stakk innom Anfield-puben etter kampen, møtte eg forsyne meg to til i same genseren! fortel ho strålande.

På sikt har ho tankar om å leva av strikking og anna handarbeid. Mykje ser ut til å liggja godt til rette for det. Ho har alt vekt merksemd både her og der og har mange faste lesarar på bloggen sin. Der skriv ho om kva ho held på med, til dømes om portrettprosjekta sine, om nokon vil prøva seg på det same.

– Aller først må eg konsentrera meg om å bli frisk etter det eg har vore gjennom og etter det som kjem. Men då skal eg sjå på det!

LES OGSÅ: Integrerer med fotball

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE