Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eminem har vore i Noreg to gonger før. Den fyrste turen var i 1999. Då rappa han for 800 menneske på Rockefeller. Eit par år seinare  gjesta han eit fullsett Oslo Spektrum. Då hadde han sleppt det store albumet «The Marshall Mathers LP» (2000), med låtar som «Stan» og «The Real Slim Shady».

Konserten i 2001 blir rekna for ein av dei sterkaste hip hop-konsertane på norsk jord nokon sinne. Dels for det uvanlege samspelet Eminem hadde med publikum, men òg for hyllesten han ga til 15 år gamle Benjamin Hermansen, som blei drepen i Oslo av rasistar ei veke før. På laurdag kjem Eminem att etter 17 år.

55 000 skal møta opp på Voldsløkka for å høyra den 45 år gamle rapparen.

Leif Gjerstad har skrive om musikk i mest 40 år. Foto: Anne Borgersen Skau

Har ein annan bakgrunn

Leif Gjerstad er kulturjournalist og har skrive om musikk, litteratur og medium sidan 1979. Han driv bloggen leffeslab.no

– Kvifor 55.000 selde billettar på seks minutt?

– Det hjelp godt at han har vore med lenge og bygd opp ein stor tilhengjarskare. Det er ingen tvil om at han har vore den mest framståande kvite rapparen, og slikt gir identitet.

– Dessutan har han ein annan bakgrunn enn mange av dei andre store rapparane, dei som kjem frå aust- eller vestkysten.

– Kven er tilhengjarane hans?

– Det finst mest ingen kjenneteikn på kven som høyrer på Eminem. Trekkjer du 55.000, har du ein svært brei fanskare, frå halvgamle travarar og ned til kan henda tenåringar.

– Diggar du Eminem?

– Eg har likt mykje av det Eminem har gjort, men eg lytta meir til han for 15 år sidan. Han er framleis god, men ikkje yndlingsartisten min.

Kan ikkje få skulda for gjengproblem i Oslo

– Trur du Eminem og andre rapparar kan ha dårleg innverknad på ungdom?

– Nei, eldre folk har alltid gnåla om at ungdommen høyrar på gal musikk. Det var det same på 1960-talet og ungdomsopprøret den gongen. Rapparane har vekt åtgaum for sine svært eksplisitte vers om vald, mannssjåvinisme* og liknande, og det er ingen grunn til å forsvare bodskapen i desse songane. Men det blir urimeleg å gi artistane skulda for kriminalitet i samfunnet.

* mannssjåvinisme er trua på at menn er meir dugande enn kvinner.