Kjærleiksbok full av musikk

Visste du at du kan bli alvorleg sjuk av kjærleiksorg? I «Hjertet er en knyttneve» av Ingrid Ovedie Volden møter du Aline og Oliver, og deira opp- og nedturar.

Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingrid Ovedie Volden med kjærleiksroman full av musikk

Saka var først publisert på framtidajunior.no.

I boka møter vi to personar, Aline og Oliver, som begge har forteljarstemmene.

– Eg stod på kjøkkenet då eg fekk fyrste idéen om Hjertet er en knyttneve. Eg såg for meg to personar på eit sjukehus framføre ein glasvegg. Det var heilt tydeleg for meg, seier forfattar Ingrid Ovedie Volden.

– Dei var på sjukehuset samtidig, men utan same grunn. Det ville eg finne ut av.

Ingrid tok fram pennen og skriveboka og starta å skrive. Det som kanskje er litt uvanleg med Ingrid, er at ho skriv alt for hand før ho førar inn teksta på dataen.

– Eg har eit lappeteppe av ting som til slutt blir historia, seier ho.

Kjærleiksorg fører til hjartefryd

Historia om Aline og Oliver er ei historie om to unge tenåringar som opplever å sjå kvarandre med nye auge. Aline er ho stille, nye jenta som ikkje snakkar i klassa. Oliver er han kule, som alle likar. Det er ikkje før prosjektoppgåva klassa har fått, at ting skjer. Aline skal skrive om hjartet, og møter Oliver på sjukehuset etter at faren til Oliver fell om på bakken. Sjuk i hjartet sitt.

Broken Heart Syndrome

Ja, for det er faktisk slik at menneske kan bli så sjuke av kjærleiksorg at kroppen ikkje klarar meir, og det er det som skjer med Oliver sin far.

Forfattaren er svært glad i musikk, men ho visste ikkje før ho var godt i gong med boka, at musikken skulle få ein så ein stor plass i kjærleikshistoria mellom Aline og Oliver. For det kjem du til å merke. At musikken er viktig for personane.

– Musikk kan forsterke kjenslene og livet, og den har ei magisk kraft som kan helbrede, seier Volden.

Ingrid deler Aline sine topp tre ❤️-songar

Ingrid fortel at menneska ofte likar musikk som ligg tett opp mot hjarterytma vår, og det er kanskje det Aline si speleliste har? Aline har nemleg ei speleliste som får ei stor betydning i historia.

Ingrid kan røpe tre av songane som kunne stått på spelelista til Aline. Den laga Ingrid til seg sjølv då ho skreiv Hjertet er en knyttneve. Det er kanskje ukjende songar, men om du vil høyre på litt hjartemusikk kan du sjekke dei ut:

  • «Kick Drum Heart» av The Avett Brothers
  • «I’ll Be Your Mirror» av Velvet Underground
  • «Secret Heart» av Ron Sexsmith

Opp- og nedturar

Boka kom ut ganske seint i år, og har ikkje rukke å fått nokon nominasjon enno. Men det dukkar sikkert opp neste år. Boka skildrar godt to tenåringar sine liv, med deira opp- og nedturar idet dei ruslar rundt på den usikre vegen ein kallar kjærleik

Hjertet er en knyttneve er ei god bok, med ein fin vri med to synsvinklar. Her kan gutar lese kva jenter tenker i situasjonar, og omvendt. Perfekt for alle kjønn.

Fakta

  • Hjertet er en knyttneve
  • Av Ingrid Ovedie Volden
  • Barne- og ungdomsroman (10+)
  • Aschehoug, 2017
  • 273 sider, bokmål