Rekordmange melde seksuallovbrot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange melde overgrep

Til saman vart 2.235 valdtekter melde til politiet i fjor, det er meir enn seks valdtekter kvar einaste dag.

Noko av forklaringa på veksten i politimelde valdtekter er at det som tidlegare vart kalla seksuell omgang med barn under 14 år, no blir rekna som valdtekt, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

I fjor vart det registrert 674 politimeldingar av valdtekter av barn under 14 år. Det vart også meldt 1.561 valdtekter der offera var eldre enn 14 år, eller der alder ikkje var oppgitt. Dette inkluderer 68 politimeldingar av grov valdtekt. I tillegg vart det meldt 1.300 tilfelle av seksuell handling og 1.500 tilfelle av seksuelt krenkjande åtferd.

Samla vart det meldt 1,4 seksuallovbrot per 1.000 innbyggjarar i fjor, noko som er det klart høgste nivået som nokon gong er registrert med denne typen statistikk, ifølgje SSB.

LES OGSÅ: Advokat frykta færre valdtektsmeldingar etter Hemsedal-saka