Dei fleste valdtekter skjer på fest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire kvinner meldt for valdtekt

Kripos presenterte torsdag valdtektstala for fjoråret i rapporten «Valdtektssituasjonen 2012».

Tala viser at det i fjor vart levert inn 1.226 valdtektsmeldingar. Auken sidan 2011 er på beskjedne 0,4 prosent, men på 11,9 prosent frå 2008.

Etterforskningsleiar Reidar Brusgaard ved Kripos seier til NTB at dei ikkje har noko eintydig svar på om auken kjem av fleire valdtekter eller om fleire vel å melde forholda.

Så mange som 40 prosent av meldingane i fjor gjaldt valdtekter som skjedde på fest, ein auke på 1 prosent samanlikna med året før.

Rus
Svært ofte er det rus med i biletet. Dette gjeld valdtekter generelt, men festrelaterte valdtekter spesielt. I 61 prosent av valdtektsmeldingane var den fornærma påverka av alkohol under valdtekta. I 92,4 prosent av dei festrelaterte valdtektene har offeret oppgitt å vere rusa.

Talet på overfallsvaldtekter står for 13 prosent av meldingane i fjor, ein nedgang på 42 prosent frå 2011. Brusgaard seier dei ikkje har noko klart svar på kva dette kjem av.

Gjerningsmann og offer kjente kvarandre i 58 prosent av dei meldte valdtektene.

LES OGSÅ: Éi av ti jenter har opplevd sexovergrep

Stabilt, men aukande
Med 1.226 meldte valdtekter i fjor betyr det at det i snitt vart meldte tre valdtekter kvar dag i Noreg. Statistikken viser at talet på meldingar er stabilt, men aukande.

Av andre hovudpunkt i rapporten kjem det fram at nærmare halvparten av valdtektene ikkje blir melde før det har gått minst ei veke etter hendinga.

I 75 prosent av tilfella var gjerningsmannen registrert med andre lovbrot.

Hovudsakleg menn
Valdtektsforbrytarane er hovudsakleg menn, men også 15 kvinner vart melde for valdtekt i fjor. Dette er ein auke frå året før då seks kvinner vart melde.

I saker der kvinner er ein mistenkt gjerningsperson, vert valdtekta ofte gjennomført saman med fleire. Enten ved at kvinna filmar sjølve overgrepet eller nyttar makt overfor fornærma, står det i rapporten.

Dei aller fleste valdtektene skjer i Oslo. Det vart levert inn 251 valdtektsmeldingar i Oslo i fjor, ein nedgang på 4 prosent frå 2011. Ifølgje rapporten har Oslo fleire valdtektsmeldingar enn dei ni største byane i Noreg til saman.

Flest meldingar for valdtekt kjem i juli og august, noko som vert forklart med sommartid og auka uteliv. (©NPK)