Den kritikarroste boka Tung tid tale er utgangspunkt når forfattar Olaug Nilssen og statsminister Erna Solberg skal snakke om korleis ein roman kan endre liva våre.

Tung tids tale vann Brageprisen og Nynorsk litteraturpris i fjor og er blitt omtalt som «ei perle av ei bok». Til hausten får boka nytt liv på scenen. Før premieren i august blir den sjølvbiografiske romanen til Olaug Nilssen tema for ein samtale mellom forfattaren og statsminister Erna Solberg.

Samtale om bok som kan forandre liv

– Samtalen skal handle om korleis ein roman kan forandre liva våre – både som lesar og som samfunnsborgar. Når romanen blir teater, kan den kanskje også bli viktig for endå fleire, skriv arrangøren av samtalen.

Romanen handlar om livet med ein elska son – som forandrar seg. Guten som var så verbal mister plutseleg ord og vender seg innover.

Turne med Riksteateret til hausten

Stykket skal så turnere med Riksteatret til 50 stader rundt om i Noreg hausten 2018 før det skal spelast på Det Norske Teatret våren 2019. Riksteatret-sjef Tom Remlov leiar samtalen 21. august på Litteraturhuset i Oslo, der det også blir utdrag frå den kommande teaterførestillinga

Oppdatert: tysdag 19. juni 2018 11.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE