Heddaprisen er den viktigaste prisutdelinga i norsk teater, og blei søndag delt ut for 21. gong.
Kjempesuksessen The Book of Mormon fekk tre Heddaprisar:
Årets framsyning og Beste scenetekst (i Are Kalvø si omsetjing) og Beste skodespelar/medspelar: Preben Hodneland.
Utafor fekk Heddaprisen for Beste framsyning for ungdom. I tillegg vann framsyninga ein Heddapris for Særleg kunstnarleg innsats.

LES OGSÅ: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert – no står dei saman på scenen
Antigone fekk Heddaprisen i kategorien Beste audiovisuelle design.

Ragne Grande (bildet) fekk Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar i ei hovudrolle for rollen som Laura Wingfield i Glassmenasjeriet ved Trøndelag Teater.

Prisen for beste mannlege skodespelar i ei hovudrolle gjekk til Hermann Sabado for rolla som Prior Walter i Engler i Amerika på Nathionaltheatret.