Folk har jo heilt misforstått kva det nye Nasjonalmuseet skal vera


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Både vanlege folk, politikarar og arkitektar er i ferd med å gjera seg sjølv til latter. Dei kjem med kritikk av det nye Nasjonalmuseet som viser at dei har totalt misforstått kva det nye bygget skal vera.

Nasjonalmuseet til 5,8 milliardar kroner, før eventuelle overskridingar, er jo i seg sjølv eit kunstverk. Det er konseptkunst av beste merke, som leikar med forståinga vår av kunst og kva eit museum er.

For kven er det som har sagt at eit museum ikkje skal vera eit fengsel? Og kvifor skal ikkje eit kunstmuseum vera nettopp avvisande og arrogant?

Kritikarane må berre halda på. Kritikken mot museet blir ein del av kunstverket. Og dersom nokon klarer å finna inngangen til museet innan opninga, så vil kritikken bli hengt opp i foajeen.

Museet skal visst nok vera utstyrt med éi dør, men det er jo sjølvsagt ikkje meininga at kven som helst skal finna vegen inn denne. Heile tanken med det nye bygget/konseptkunsten må jo vera å visa at kunst er utilgjengeleg for folk.

Nasjonalmuseet er kritikk er kritikk er kritikken av kritikken av kunsten, som ein kunsthistorikar enkelt ville forklart.

Og berre tenk så sikkert det vil vera for kunsten inni museet. Til forskjell frå det gamle Nasjonalgalleriet der tjuvane enkelt kunne spassera inn vindauga med ein stige og forsyna seg av den dyraste Munch, så blir det ikkje like enkelt å ta seg gjennom metertjukke murar. Og berre sjå for deg kva som møter ein tenkt kunstranar når han eller ho har klart å bryta seg inn gjennom all betongen og skifersteinen til Nasjonalmuseet?

Inni den mørke og tomme bygningen ligg det ein liten lapp.

På lappen står det:

«Gratulerer: Du har no blitt ein del av ein performance!»

 

LES OGSÅ: Direktøren for Nasjonalmuseet trur ikkje bråket vil overskygge for kunsten