Nasjonalmuseets direktør trur ikkje byggjebråk vil overskygge kunsten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritikken har hagla mot det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta i Oslo den siste tida, etter at det massive skiferlagte bygget har byrja å reise seg i bybiletet.«Lukket som et fengsel», «avvisende og arrogant» og «skaper et uattraktivt bymiljø» er nokre av karakteristikkane som er brukt om museet.

I tillegg har arkitekten som vann konkurransen om å lage det nye signalbygget, tyske Klaus Schuwerk, gått i open konfrontasjon med Statsbygg om løysinga som no ligg an til å bli valt for den lysande «krona» på toppen av bygningen, den såkalla alabasthallen. Schuwerk meiner Statsbygg vel ei dårlegare løysing for å spare pengar, og at dette vil redusere kvaliteten på bygget betrakteleg.

– Det er så stygt at eg skammar meg, uttalte Schuwerk til NRK nyleg.

Prosjektdirektør Steinar Støre (f.v.), Nasjonalmuseets direktør Karin Hindsbo og Arnstein Sande, teamleiar for det tyske arkitektkontoret, viste pressa rundt og svarte på kritikken mot bygget onsdag. Laurdag får publikum komme inn for å kunne gjere seg opp ei meining. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Forstår debatten

Museumsdirektør Karin Hindsbo seier ho ikkje er bekymra for at den negative merksemda rundt bygget skal gi museet ein uheldig oppstart, når museet etter planen skal opne dørene hausten 2020.

Hindsbo inviterte torsdag pressa inn til ei omvising i det halvferdige bygget saman med Statsbyggs prosjektdirektør Steinar Støre.

Hindsbo seier ho personleg «diggar norsk skifer», og at ho trur bygget blir kjempeflott når det står ferdig. Ho forstår samtidig debatten som har komme.

– At det kjem ein debatt på dette tidspunktet, er heilt naturleg. For plutseleg reiser bygget seg midt i byrommet. Eg forstår at det skaper debatt når det plutseleg står eit bygg der som ser lukka ut, seier ho til NTB.

– Så er det vår jobb å opne bygget med innhald, og det jobbar vi med no. Det vil også bli tatt ei rekke grep for å gjere bygget inviterande overfor omverda, seier ho.

Publikum vert inviterte til open dag på det nye Nasjonalmuseet førstkommande laurdag. Då vil dei blant anna få komme opp på takterrassen, som viser den omstridde alabasthallen frå utsida, og gir ei fantastisk utsikt over fjorden, mot Akershus festning og Oslo rådhus. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Inviterer publikum inn

Statsbyggs Steinar Støre trur kritikken vil stilne når bygget står ferdig.

– Plassen framfor museet vil bli eit fantastisk nytt byrom, og når arbeida og trappene mot Rådhusplassen blir ferdige og vindauga og den store eika kjem på plass, så trur eg dette blir ein utruleg spennande stad, seier han.

Publikum vert invitert til open dag på det nye Nasjonalmuseet førstkommande laurdag. Onsdag var det vising for pressa. I dette rommet vert det testa veggkledning, takbelysning og fargar på veggene. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Laurdag vert også publikum invitert inn til ei omvising gjennom deler av dei 91 visningssalane, inkludert det kommande Munch-rommet, den luftige og lyse alabasthallen med 7, 4 meters takhøgd og takterrassen med fantastisk utsikt mot fjorden, Akershus festning og Oslo rådhus. Det blir også ei moglegheit til å møte arkitekten Klaus Schuwerk. På Facebook har over 9.000 personar allereie meldt si interesse for omvisinga.

Kranglar om materialval

Klaus Schuwerk er for tida i open konflikt med Statsbygg om den 2.700 kvadratmeter store glashallen som tronar øvst på bygget, og som er meint å lyse opp byen på kveldstid.

Arkitekten skuldar Statsbygg for å velje simplare materialar for å spare pengar og tid.

– Dette er sjølve krona på bygget, det er ikkje her ein burde spart pengar, seier den norske teamleiaren for arkitektkontoret, Arnstein Sande, til NTB.

Han seier løysinga arkitektkontoret anbefaler kostar anslagsvis 55 millionar kroner meir enn Statsbyggs alternativ.

Statsbyggs prosjektdirektør Steinar Støre seier til NTB at kostnadene delvis er forklaringa på at dei ønsker ei annan løysing, men seier ei viktig årsak er at løysinga til arkitekten sprakk under testing.

– Vi har heller ikkje fått god nok dokumentasjon på at ei modifisert løysing, slik arkitekten ønskjer, vil fungere, seier Støre til NTB. Han meiner dei andre alternativa vil bli vel så gode. Endeleg materialval vert teke i august etter fleire testar gjennom sommaren. (©NPK)

Slik skal det nye Nasjonalmuseet sjå ut når det er ferdig. 16. juni er det open dag i museet som er under bygging. Illustrasjon: MIR AS, Kleihues + Schuwerk, Statsbygg