Bybanen i Bergen og vidaregåande skular blir nynorske
Transportselskapet Skyss må heretter skilte og informere passasjerane på Bybanen i Bergen på nynorsk. Det same må alle dei vidaregåande skulane i fylket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Johoo! vart det ropt bak i salen da fylkestinget stemte over målformsaka i fylkestinget, skriv Bergens Tidende.
Skyss har til no hatt høve til å gjere unntak frå administrasjonsspråket i fylkeskommunen, som er nynorsk, og bruke bokmål på kollektivtransporten i Bergen. Fleire av dei vidaregåande skulane i Bergen har òg fått lov til å bruke forma “skole” i staden for “skule” i namna.
Her er nynorskvedtaket
Det var SV-representanten Aud Karin Oen som saman med Raudt og Venstre fekk med seg KrF, Ap, Sp og MDG på desse tre språkvedtaka i fylkestinget:
* Skyss må bruke nynorsk i Bergen på same måten som elles i fylket.
* Alle dei fylkeskommunale vidaregåande skulane må administrere seg og marknadsføre seg på nynorsk.
* Alle tekstar som fylkeskommunen betaler eksterne tekstprodusentar for, bør leverast på nynorsk.
Gjer seg klar til å bli slått saman med Nynorskfylket
Oen tok initiativet til forslaga i samband med namngiving av fleire nye skular i fylket. SV-representanten meinte det no er grunn til å skjerpe inn nynorskpraksisen i fylket før Hordaland blir slått saman med Sogn og Fjordane om halvtanna år.
– Vi skal inn saman med ein fylkeskommune som heldigvis er mykje strengare enn oss på dette. Da bør vi skjerpe oss allereie no, sa Oen, ifølgje Bergens Tidende.
– Bussane køyrer på kryss og tvers rundt i fylket, og kollektivtilbodet i Bergen blir nytta av innbyggjarar frå heile fylket. Da bør Skyss ha nynorsk som administrasjonsspråk i heile fylket, sa Oen.
Fylkesrådmannen ønskte å halde fram som no fram til Hordaland blir ein del av Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020, men fleirtalet i fylkestinget ville altså ha nynorsk no. (©NPK)