Eit utvekslingsopphald over dammen førte til toppidrettsjobb for 25-åringen frå Oslo.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg skjønte tidleg at eg var veldig interessert i alt som ligg rundt og bak trening og det å prestere, og så hadde eg nok grei nok sjølvinnsikt til å skjøne at det ikkje blei nokon verdsmeister av meg sjølv som utøvar.

Framtida.no møter Julia Mehre Ystgaard utanfor Norges idrettshøgskole (NIH) ved Sognsvann ein mai-morgon. Etter intervjuet skal ho inn og jobbe med masteroppgåva ho skriv på i idrettspsykologi, som ho håpar å vere ferdig med til hausten. Då blir det nemleg fullt fokus på jobben ho har fått som trenar for det kanadiske langrennslandslaget.

25-åringen frå Grefsen i Oslo har allereie vore tilknytt det kanadiske laget nokre år, men trer no inn i rolla som leiar for verdscuplaget, eller hovudtrenar som vi kallar det på norsk.

– Eg hadde ein veldig tydeleg plan og eit tydeleg mål om at eg skulle vere på verdscupen ein gong i livet mitt. Same kva slags rolle det var i, men eg skulle kome meg dit, fortel ho.

Frå utveksling til landslagstrenar

Det kanadiske langrennseventyret starta då Ystgaard drog dit på utveksling under bachelorgraden. Ho ville få innblikk i kva langrenn er utanfor Oslo og Noreg, og fekk tilbod om å jobbe som trenar for å få meir erfaring.

– Eg likte meg veldig godt og det var ei spanande moglegheit, så eit halvt år vart til tre år, ler ho.

Ystgaard har alltid vore fascinert av toppidrettsfokuset, og fekk tidleg prøve seg som trenar for yngre medlemmer i klubben sin på Kjelsås. Ho merka raskt at det var noko ho ville jobbe vidare med.

– I Canada blei det plutseleg eit veldig stort hopp opp på eit høgare nivå, som eg kanskje ikkje følte meg heilt klar for akkurat der og då, men du stiller om hovudet ditt og sørgjer for at du er klar når du kjem dit. 

Julia Mehre Ystgaard på jobb for det kanadiske langrennslaget. | Foto: Doug Stephen/Nordiq Canada

Alder inga sak

Det kanadiske landslaget er felles for menn og kvinner.

Då ho byrja å jobbe med det kanadiske laget, var Ystgaard ikkje meir enn 20 år. Samstundes skulle ho trene utøvarar som var fleire år eldre enn ho. Oslojenta var likevel klar på at alderen hennar ikkje skulle vere noka sak.

– Eg lét det aldri vere eit tema det første året mitt i Canada, og då trur eg at eg klarte å etablere ein respekt der. Det var litt sånn no bullshit.

Ho har ei litt anna tilnærming til yrket i dag, men har alltid vore bestemt på at ho skal bli dømt og vurdert basert på den jobben ho gjer.

– Eg veit at eg kan gjere ein god jobb og det er den jobben som blir gjort som skal vurderast, ikkje kor eg er frå eller kor gamal eg er eller at eg er jente kontra gut.

– Kva eigenskapar har du som er viktige i denne jobben?

– Eg kjenner at eg er trygg på relasjonar og det å vere eit medmenneske. Eg driv med det her fordi eg elskar kvardagen på tur og elskar å vere med laget, og å heile tida jobbe for å bli betre.

Ho synest det er kult å vere i eit miljø der alle prøver å vere verdsmeister i kva enn dei gjer på, på kvart einaste tidspunkt.

– Om det så er å hente ein kaffi, skal du vere verdas beste på å hente den kaffien akkurat der og då.

Ein familie

I år har dei endra tittelen på rolla Ystgaard trer inn i frå trenar til leiar. Jobben inneber nemleg mykje forskjellig, frå administrativt arbeid og logistikk til rennførebuing, smørjing og trening mellom renn.

Julia Mehre Ystgaard skildrar det kanadiske laget som ein familie. Gjennom treningssesongen trenar utøvarane med regionslaga sine, som var der ho starta som trenar, men i verdscupsesongen reiser dei som eit landslag saman.

Då er ho og resten av laget på tur i fem månader. Sidan dei er så mykje på reisefot og konkurransane føregår i Europa, får ho jobbe frå Oslo.

I ei typisk veke i rennsesongen er måndag reisedag. Tysdag er det berre roleg trening, og kanskje ei hardøkt for nokon. Onsdag er òg roleg trening, og smørjeteamet byrjar å jobbe litt. Så brakar det laus med konkurransar fredag, laurdag og søndag.

No om sommaren er kvardagen derimot meir fleksibel, og det blir mange møte på kveldstid på grunn av tidsforskjellen med Canada.

Kulturforskjell

– Korleis er interessa for langrenn i Canada?

– Den er jo ingenting samanlikna med hockey og baseball, som vi konkurrerer med. Men det er eit bra miljø, synest 25-åringen.

Julia Ystgaard saman med utøvarane ho trenar. | Foto: Privat

Canada sitt langrennslag har eit lite budsjett samanlikna med mange av konkurrentane, og utøvarane må dekkje mykje sjølv.

– Vi har ein smørjebuss som vi har hatt sidan 2013 eller noko, og han går framleis. Det trur eg er viktig for at vi skal vere konkurransedyktige. Vi legg inn nok ressursar til å vere med i gamet, men så har vi ikkje nok ressursar til å heile tida vere på oppfinnarsida og utforske og finne dei nye vegane å gå for å få eit overtak.

Den største forskjellen på Noreg og Canada i langrennssamanheng, meiner Julia Mehre Ystgaard er kulturen, som ho har oppdaga er noko for seg sjølv i Noreg.

Det er òg eit litt anna nålauge i Noreg enn i Canada.

– I Noreg driv alle litt med langrenn og viss du ønsker å vere god nasjonalt, så må du jobbe så innmari hardt.

Nærmar seg toppen

Ystgaard fortel at dei i ferd med å bygge opp att det kanadiske laget etter at skistjernene Alex Harvey og Devon Kershew la opp i 2019 og 2018. Under Oslo-VM i 2011 tok dei to Canada sitt første langrennsgull nokosinne, då dei vann lagsprinten framføre Petter Northug og Ola Vigen Hattestad. Harvey vann òg gull på den gjeve femmila under VM i Lahtis i 2017.

Dei siste åra har Noreg og Sverige i stor grad dominert sporten. Under førre VM i 2023 henta Noreg heim tolv medaljar på herresida og fire på kvinnesida. Etter Noreg følgde Sverige med éin herremedalje og elleve kvinnemedaljar. Noreg og Sverige tok alle gullmedaljane, utanom éin som gjekk til USA.

Ystgaard meiner Canada no har eit lag som kan utfordre skandinavane, med unge utøvarar som nærmar seg toppen.

– Vi har absolutt eit bra lag som kjem opp no. Vi ser utøvarar som Antoine Cyr og Graham Ritchie. Dei er på ein måte dei nye leiarane på laget og dei store stjernene, som verkeleg viser at dette går an. Ein må berre jobbe hardt. Vi har vore nærme pallen, så det kjem nok veldig snart, seier den kanadiske trenaren.

Under førre U23-VM sikra Canada svært gode resultat.

– Det var fabelaktig! Sonjaa Schmidt vann sprinten. Ho kvalifiserte seg som nr. 29 og så vann ho heile greia. Det veit eg ikkje om har skjedd før eingong. Og så på stafetten da, dei tok jo sigeren der også! Det var heilt utruleg og det gav mykje bra driv i Canada og for alle andre utøvarar. Alle blei så inspirerte.

Det er ingen tvil om kven Ystgaard heiar på, trass i at ho er norsk.

– Det er Canada, det er det som er mitt lag no. Eg kjenner alle her så godt.

Sportssjefen: Blant dei beste han har jobba med

– Eg vart umiddelbart imponert over modenheita hennar, kunnskapen om sporten og viktigast, entusiasmen hennar for å lære og vekse som trenar, minnest sportssjef Chris Jeffries om det første møtet med Julia Mehre Ystgaard på Sjusjøen i 2019.

Når dei denne våren gjorde store endringar i laget, var det klart for Jeffries at Ystgaard var perfekt i rolla som landslagstrenar.

– Ho er ekstremt organisert, og er ikkje redd for å takle nye utfordringar og lære av feila sine. Ho er ein lagspelar, men er heller ikkje redd for å utfordre normer, eller meg sjølv for den saks skuld. Ho er veldig sjølvsikker, men heller ikkje redd for å vise sårbarheit. Ho er ein av dei beste trenarane eg nokon gong har jobba med, og eg har jobba med mange trenarar, understrekar han.

Han føler ikkje at dei har henta inn ein nordmann som trenar, fordi Ystgaard er ein del av det kanadiske fellesskapet.

– Då ho kom til Canada, gjorde ho ein innsats for å lytte så mykje som mogleg og vere open for kva vi gjer i Canada kontra kva ho har vekse opp med i Noreg. Den strategien har gjort det mogleg for ho å sjå kva vi gjer bra, ikkje nødvendigvis kva vi gjer dårleg. Ho er ein nordmann som forstår kva det vil seie å vere kanadisk, kva utfordringar vi står overfor i eit land så stort som vårt med to offisielle språk og unike kulturar.

Men dei får også verdifull lærdom om sporten frå nokon som kjem frå den største langrennsnasjonen, der ski er ein like stor del av samfunnet som hockey er hos dei.

Når Jeffries snakkar med Ystgaard, ser han ein trenar med mykje erfaring som er klar for utfordringa.

– Ho har fortent denne stillinga, og eg er så spent på å sjå kvar ho tar denne rolla i løpet av dei komande åra ettersom ho gjer den til si eiga.

VM i Trondheim

Det neste store målet for Julia Mehre Ystgaard og Canada er verdsmeisterskapet i Trondheim neste år.

Ystgaard synest det er stas at det er i Noreg, og håpar på skikkeleg folkefest.

– Etter førre VM som vi hadde i Planica i Slovenia, som var ganske folketomt, så gler alle seg veldig. Målet blir å gjere så godt vi kan, rett og slett. Men vi skal gå ut frå det meisterskapet veldig stolte, det er det vi ser fram til!

– Kva vil du trekkje fram som det største du har vore med på så langt i dette langrennseventyret?

Jubel etter 2022-2023-sesongen. | Foto: Privat

– Det første eg tenkte på av godkjensle, er Drammens-sprinten vi hadde i år. Då blei Tony, altså Antoine, nummer fire. Og slått av tre nordmenn, men då var vi beste ikkje-norske. Det var kult å sjå gjennom dagen korleis han berre blei meir og meir gira på å få til det her. Og den klemmen i målområdet!

– Det var ikkje sånn at vi tapte nokon pall, vi vann den fjerdeplassen, seier Ystgaard stolt.

Trenaren trekker òg fram den førre sesongen, som var ganske spesiell. Det var første sesong med fluorforbod, noko som baud på solide utfordringar for laget.

– Måten vi måtte jobbe oss gjennom det – det var veldig samlande for laget å gå på litt motgang der, og å kjenne på det samhaldet vi har hatt gjennom det.

Når du er i det kanadiske teamet skal du kunne gjere alt. Til dømes vart Ystgaard smørjesjef i fjor.

– Det var kjempegod læring, for du får jo eit heilt nytt innblikk i ei anna side av sirkuset som du kanskje ikkje ser som trenar, for ein fokuserer veldig på det ein skal fokusere på.

Lever draumen

– Kva er den store draumen din? 

– Draumejobben min er jo eigentleg den eg har. Det store målet i livet mitt var å få den før eg var 30, og så fekk eg den no. Så eg har tulla litt dei siste vekene med kva eg skal gjere no.

– Eg har oppnådd det og no skal eg berre nyte det litt. Og så sjå Canada kome tilbake til toppen av pallen igjen og vere ein del av den reisa.