Ellevill nykomar nominert til Hedda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk sjokk første gong eg høyrde han. Han er så bra, sa regissør Vidar Magnussen då han presenterte den til då «heilt ukjente» Kristoffer Olsen frå Porsgrunn som ein av hovudrolleinnehavarane i Det Norske Teatrets storsatsing «The Book of Mormon». Magnussen kallar Olsen «ein komisk skatt», noko Heddajuryen synest å vere einig i.

Dei har nominert han til Hedda for beste mannlege skodespelar i ein hovudrolle. Olsen konkurrerer med Stig Amdam for rolla som André i «Far» på Den Nationale Scene i Bergen og Hermann Sabado for rolla som Prior i Nationaltheatrets maratonframsyning «Engler i Amerika».

Mange nominasjonar til Trondheim

Heddanominasjonane vart klare tysdag, og i alt vanka det fire Heddanominasjonar til «Book of Mormon», like mange som til Nationaltheatrets «Engler i Amerika». Begge oppsetjingar konkurrerer blant anna om den gjeve prisen for «årets framsyning ».

Det Norske Teatret og Trøndelag Teater toppar lista med åtte nominasjonar kvar. Trøndelag Teater har blant anna to av dei tre nominerte i klassa for beste kvinnelege skodespelar i ei hovudrolle. Ragne Grande er nominert for rolla som Laura Wingfield i «Glassmenasjeriet» og Kathrine Thorborg Johansen for rolla som Hedvig i «Vildanden».

Den tredje nominerte er Ingeborg Sundrehagen Raustøl for tittelrolla som Cally Monrad i «Cally» på Det Norske Teatret. Den nyskrivne framsyninga av Ruth Lillegraven handlar om Det Norske Teatrets einaste kvinnelege sjef, som var NS-medlem og vart sett inn som teatersjef på nynorskteateret av nazistane i 1942.

11 klassar

Blant dei nominerte i år er også ein av Noregs mest rutinerte skodespelarar, Bjørn Floberg (70). Han er nominert i klassa beste medspelar for rolla som Leonid Gájev i «Kirsebærhagen» på Nationaltheatret. Her konkurrerer han med Preben Hodneland for rolla som Eldste McKinley i «The Book of Mormon» og Jon Lockert Rohde for rolla som Jim i «Glassmenasjeriet» på Trøndelag Teater.

I klassa beste kvinnelege medspelar er Ingebjørg Kosmo nominert for rolla som abbedissa i «The Sound of Music» på Hålogaland Teater, Anne Krigsvoll for rolla som Astrid C og fleire i «Personer, stader og ting» på Nationaltheatret og Ågot Sendstad for fleire roller i «Engler i Amerika» – også det på Nationaltheatret.

Marit Moum Aune er også nominert for beste regi for «Engler i Amerika», mens det ikkje vanka nokon reginominasjon til Vidar Magnussen for knallsuksessen «The Book of Mormon». I denne klassa er dei to andre nominerte Johannes Holmen Dahl for «Glassmenasjeriet» på Trøndelag Teater og Kjersti Horn for «Valdens historie» på Det Norske Teatret.

Heddaprisen er norsk teaters høgste utmerking og blir i år delt ut for 21. gong. I alt er det nominert i 11 klasser. I tillegg blir det vanlegvis delt ut ein heiderspris, der det ikkje er nokon nominerte.

Prisane i år blir delte ut på Oslo Nye Teater søndag 17. juni. (©NPK)