Supermann fyller 80 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framsida av eit Supermann-blad av Jerry Siegel og Joe Shuster som blei refusert i 1933. Foto: Wikipedia

Teikneserieforlaget bak Supermann, DC Comics, står også bak Batman, Wonder Woman, The Flash og Green Lantern. Likevel er framleis «mannen av stål» den største av dei alle.

– Supermann er malen for ideen om ein superhelt. Han er ein idealisert karakter som alltid gjer det rette, seier Jared Smith, tilsett i ein teikneseriebutikk i Washington.

Kjem med ny serie

Denne sommaren, 11. juli, skal DC Comics sleppe ein ny Supermann-miniserie. Prosjektet blir leidd av teikneserieforfattar Brian Michael Bendis, som er hyra inn frå konkurrenten Marvel.

– Ein føler alltid arven til ulike karakterar, men det er noko heilt spesielt med Supermann. Det er noko fascinerande med at denne karakteren ikkje berre starta ein ny sjanger, men også vart kjerne og sjel i sjangeren, seier Bendis til nettsida Nerdist.

LES OGSÅ: Marvel jobbar med film om muslimsk superhelt

Kassasuksess

Supermann debuterte i Action Comics #1 frå Detective Comics i juni 1938, etter at tenåringane Jerry Siegel og Joe Shuster hadde dikta opp eit menneske som hadde overnaturlege krefter fem år før.

Karakteren vart første gong gjort til filmhelt av Kirk Alyns. Han spelte i ein filmserie om Superman i perioden 1948–1950. Sidan har den overnaturlege helten blitt filmatisert ei rad gonger, og har vore ein kassasuksess i Hollywood. (©NPK)

Fem år før Supermann debuterte i Action Comics #1 juni 1938, gav Jerry Siegel ut den første Supermann-historia i si eiga fanzine Science Fiction #3.

Les fleire saker om teikneseriar her!