Fleire fylke satsar på frukost til elevar på vidaregåande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hordaland, Østfold, Vestfold, Hedmark, Oppland, Aust-Agder og Nordland har alle gjort vedtak om gratis skulefrukost for alle dei vidaregåande skulane sine, fortel Kommunal Rapport.

– I dei andre fylka er det litt meir opp til kvar einskild skule, skriv avisa.

Kva elevane får å eta kan variera mykje og spenner frå frukostbuffé til havregraut. Frukt, matpakke og knekkebrød er òg blant det som står på menyen.

Rundspørjinga avisa har gjort viser elles at Sogn og Fjordane og Vest-Agder er dei einaste fylka som ikkje har noko tilbod om skulefrukost til elevar i vidaregåande skule. (©NPK)

LES OGSÅ: Høgare trivsel med skulefrukost