Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 28.05.2018 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når ein skriv bok må ein skrive når ein kan, seier Gjertrud Langva.

Sjølv om ho skriv når ho kan, så har ho faste tider der skrivinga fungerer best.

– Eg liker best å skrive så tidleg som mogleg, når eg vaknar. Eg føler at eg fungerer best når hjernen er «fersk», før eg får inntrykk frå radio eller andre ting. Når eg skal skrive må eg vere heilt klar i hovudet.

– Korleis jobbar du?

– For meg skjer mykje av skriveprosessen i hovudet. Eg får ein idé og går og kvernar på den. Når eg set meg og skriv, har eg allereie redigert mykje i hovudet, og er redd for å miste det eg hadde tenkt på. Så difor kan eg vere ganske kort når eg skriv for å få historia ned sånn som eg har ho i hovudet.

Om å få tilbakemeldingar frå andre

Å forhalde seg til eit forlag var ei ny erfaring for Langva.

– Da eg byrja å levere inn til Samlaget, var historia meir uforståeleg og meir vanvitig. Men etterkvart må ein byrje å tenke på at det er nokon som skal ta imot teksten.

Da får ein òg tilbakemeldingar, og må redigere innhaldet i historia.

– Eg er kanskje ikkje så glad i den redigeringsfasen, fordi da eg er redd for å miste det eg var inne på da eg skreiv, fortel ho.

– Eg er redd for at det tek vendingar eg ikkje har føresett eller tenkt ut.

Nokre gongar synest ho òg det er nyttig med tilbakemeldingar.

– Av og til kan folk gi tilbakemeldingar der eg tenker «ja sjølvsagt, eg må endre det med ein gong». Da kjennast det ganske akutt, og eg må ordne opp i det med ein gong. Sånn kan det vere når eg får gode innspel, seier ho.

Langva likar best å skrive scenisk.

– Eg likar ikkje transportetappane, no er dei her, korleis skal eg få deg dit. Eg hoppar heller frå situasjon til situasjon.

Overfører tankar og kjensler i skrivinga

– Kva betyr det å skrive for deg?

– Det er vanskeleg å svare på det utan å svare klisjefylt, seier Langva.

– Sidan eg har skrive heile livet, så kjennast det naturleg for meg. Eg kjenner at det hjelper veldig. Eg skriv ikkje om mitt eige liv, men det kan vere at ein går med tankar og kjensler som ein overfører likevel. At ein får ut ting ein tenker på.

– Kva er det beste med å skrive?

– Den beste kjensla er når eg har ein ide og den byrjar å utvikle seg i hovudet mitt og eg vil få den ned før eg gløymer. Eg saknar den kjensla når eg ikkje har den.

– Når eg skriv så kjennast det viktig, sjølv om det er berre for meg sjølv.

Å lese og å skrive heng tett saman

– Kva har utdanninga på litteraturvitskap og på skrivekunstakademiet hatt å seie for deg som forfattar?

– På litteraturvitskap var det veldig mykje lesing, og eg byjra å lese på ein litt annan måte. Det var meir teoretisk tungt enn eg hadde forventa. Men eg byrja å like litteraturteori veldig godt.

Nokre gongar lærer ein ting utan å forstå at ein skal få bruk for det.

– Lesing er jo viktig for å kunne skrive. Eg byrja å lese på ein ny måte, og ein får moglegheita til å lese veldig mykje. I ein periode måtte vi lese ei skjønnlitterær bok i veka i tillegg til teori. Det var tre veldig fine år, som eg veit har hatt noko å seie for skrivinga mi, sjølv om det vanskeleg å seie konkret kva som gjer det.

På litteraturvitskap las dei ferdige verk. På skrivekunstakademiet var det ei anna tilnærming.

– På skrivekunstakademiet handla det om å sjå kva forfattaren prøver å gjere, kva fungerer og kva fungerer ikkje. Det studiet har vore kjempeviktig for meg, fortel ho.

Ei heilt ny erfaring å dele skrivinga med lesarane

– Korleis har det vore å debutere med si første bok?

– Det har vore ei helt ny følelse for meg. Ein sit jo for seg sjølv og skriv, og no måtte eg byrje å tenke på lesaren. Det var rart at nokre andre plutseleg skulle lese det eg hadde skrive.

Ho fortel at det var veldig rart da vennane hennar plutseleg kunne byrje å snakke om boka hennar.

– Eg fortalde noko, og dei kunne seie: «akkurat som i boka di!». Det var ei uvant, men god kjensle.

Langva fortel at ho tidlegare ikkje har brukt å vise tekstane sine til andre, og berre har hatt nokre få tekstar i antologiar, i tidsskrift på trykk. Dei siste åra har ho ikkje vist noko særleg til nokon. Det tok òg lang tid før ho viste noko frå boka til andre. Ho heldt den lenge tett til brystet.

– Det er noko med at eg sit for meg sjølv og skriv. Det er ei veldig god kjensle å sitte og skrive for seg sjølv, og kjenne at dette er mitt og berre mitt.

Når andre les, blir det ei ny bok for kvar lesar

– Ein veit aldri korleis det ein har skrive skal bli mottatt. Når andre les, så kan ein ikkje styre korleis andre skal lese og tolke det. Det er både ein utruleg god og utruleg vond ting. Det blir ei ny bok for kvar lesar.

Med den nye boka har ho òg opplevd at historia blir forstått på ein annan måte enn ho sjølv hadde tenkt.

– Eg ønska å skrive ei ope bok som kan lesast på fleire måtar. Så eg har på ein måte lagt opp til det sjølv.

– Eg har sjølvsagt tenkt undervegs det kan ha skjedd, og det kan ha skjedd. Eg forsøker å legge opp til at lesaren kan gå i dei retningane. Når eg snakkar med venner har eg høyrt kva dei har tenkt.

– Korleis ser du på det å få meldingar frå aviser og andre?

– Nokre av kritikarane har lest boka på ein måte som eg ikkje hadde forventa. At boka blir skapt på nytt for kvar lesar er ein del av det å gi ut bok. Eg kan ikkje styre det, og det er kanskje noko ein må godta. Kritikarane gjer sin jobb, og det er ikkje min jobb å kommentere kritikken.

Langva tenker at når boka er gitt ut, har ho gjort sin del av jobben.

– Eg blir berre glad for meldingar, for å bli sett og tatt på alvor, og prøver å ikkje ta det så tungt om eg får dårleg kritikk. Men eg vil sjølvsagt at boka skal ha eit best mogleg liv, seier ho.