Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg skreiv NRK om korleis SAS i billettsystemet sitt har byrja oppgje Taiwan som ein kinesisk provins. «De har gitt etter for politisk press,» seier kritikarane. Eg måtte sjekke korleis det låg an med ei anna av Kinas ulovlege annekteringar, men det synte seg at det ikkje var mogleg å tinge billettar via SAS-sidene til Lhasa, hovudstaden i Tibet. KLM og Lufthansa, derimot, har kommunikasjonsliner til Lhasa (LXA), Kina.

Den oransje linja viser det historiske Tibet, medan det lysebrune området viser det Kina i dag oppfattar som den autonome regionen Tibet. Kart: Wikipedia

Bort frå alle kart

Eg veit ikkje om ein skal vera så hard mot flyselskapa, det er trass alt ikkje deira primære oppgåve å drive storpolitikk. Dei skriv berre det som uansett står på alle kart no til dags. Eg er så heldig å eige ein ærverdig gamal globus frå Sagerud globusindustri på Flisa, sannsynlegvis produsert kort tid etter andre verdskrigen, og der har Tibet enno ein eigen farge, lilla mot Kinas gult. Det er altså eit sjølvstendig land, og eit digert land, over tre gonger så stort som Noreg. Men på verdskartet eg har som skrivebordsunderlag, frå svenske Esselte med produksjonsår 1983, er Tibet like gult som Kina, landet har vorte ein kinesisk provins. Det er i det heile ikkje mange som ropar så høgt om Tibet lenger, snart 70 år etter at det då nyetablerte «Maos» Kina okkuperte grannen sin i 1950.

Ingen frå den norske regjeringa ville treffa Dalai Lama då han vitja Noreg i 2014. Foto: Monica Løvdahl, Sp

Sidan Kina på papiret er kommunistisk, skulle ein kanskje tru at det blåblåe Noreg ville gjera nokre spede forsøk på å tala dei imot. I staden presterte Erna Solberg, som vi hugsar, å nekte å møte Dalai Lama då han kom til Oslo i 2014. Det er lite anna enn ein skamplett i det demokratiske Noregs historie, men for så vidt er det jo berre logisk at eit land som lograr så frenetisk som Noreg for den egosentriske amerikanske krigsmakta, òg opptrer som ein servil hund innfor dei nesten like imperialistiske kinesarane. Gud forby at Noreg skal framstå som eit sjølvstendig land med sjølvstendige tankar.

LES OGSÅ: Skapte norsk klatrehistorie

Desperat ikkje-vald

Den 7. mars i år sette ein tibetanar ved namn Tsekho fyr på seg sjølv i protest mot den kinesiske okkupasjonen av landet hans.

Munken Tsekho sette fyr på seg sjølv i protest mot okkupasjonen av Tibet. Foto: Free Tibet

Han vart den fyrste i 2018, men kringom 150 personar har gjort det same berre sidan 2009. Mange kan vel hugse denne ekstreme forma for protest frå Vietnam: Biletet av munken Thích Quảng Đức som har tent på seg sjølv for å markere motstand mot forfylginga av buddhistiske munkar i det katolskstyrte Sør-Vietnam, skapte furore i vestlege media, og mange fylgde dømet hans. Etter som krigen eskalerte, sette endåtil nokre amerikanarar fyr på seg sjølve i protest, som kvekaren Norman Morrison utom kontoret til forsvarsminister Robert McNamara i Pentagon.

Aktivistar i Washington for frigjering av Tibet. Foto: FutureAtlas.com

I dag har denne handlinga kanskje ikkje den same sjokkeffekten lenger, og dei tibetanske aksjonane blir knapt nok omtala i norske aviser. Ein skal sjølvsagt skal passe seg for å heroisere så drastiske verkemiddel, men det er no eingong såleis eit folkeslag utan våpen verkeleg kan få sagt kva dei meiner om den uretten dei er offer for. Bruker dei i staden tale eller skrift, risikerer dei fengsel og tortur og det som verre er, og det er vel uansett betre å drepe seg sjølv enn å utføre terroraksjonar mot andre? Tibetanarane har ein religion som forbyd dei å ta liv, om så berre av eit insekt. Ein del andre religionar kunne med føremon lærd litt av denne tankegangen.

Dokument frå den siste timen

I høve til ein moderne logikk, vil vel fascinasjonen min for Tibet fortone seg som heller naiv og svermarisk. Alt var nok ikkje så rosenraudt i det myteomspunne fjellandet før okkupasjonen i 1950 heller. Det var eit fattig og materielt svært primitivt land, med ein sterk adel og prestestand, og konservative haldningar på mange omkverve. Men folket hadde i det minste fridommen sin, til å dyrke ein religion og ein kultur av svært særeigen art. I dag er alt strengt regulert av kinesarane, dei same som bokstaveleg talt knuste store kulturelle skattar då dei fyrst okkuperte Tibet.

Frå filmen «Sju år i Tibet» med Brad Pitt.

Du har kanskje sett filmen Sju år i Tibet, med mellom andre Brad Pitt? Det har ikkje eg. Men eg vil på det varmaste tilrå boka denne filmen er tufta på, som ber det same namnet og er skriven av den austerrikske fjellklatraren Heinrich Harrer. Som flyktning frå britisk krigsfangenskap i det koloniale India, kom han og kompanjongen Peter Aufschnaiter til Tibet i 1944. Etter formidable strabasar fekk dei innpass i den «forbodne» byen Lhasa, der den 14. og noverande Dalai Lama, Tenzin Gyatso, enno berre var eit barn i det veldige palasset Potala. Harrer vart etter kvart ein slags lærar for ungguten, som var svært lysten på å få vita mest mogleg om verda utom heimlandet.

At han så snart skulle bli nøydd til å forlata riket sitt, hadde vel «Gudkongen» neppe trudd. Men det var ikkje til å unngå, og i stordelen av det vaksne livet sitt har Dalai Lama budd i eksil i India. Sju år i Tibet gjev eit svært interessant innblikk i ein kultur som få framande nokon gong har kome på innsida av. Så mange år seinare, skulle ein kanskje tru at boka hadde vorte ein anakronisme. Men ettersom det frie Tibet slutta å eksistere medan Harrer enno var der, har ingen i seinare tid kunna skrive noko særleg meir relevant. Boka inneheld då òg ei helsing frå sjølvaste Dalai Lama, som garanterer at dette er ei god skildring av det ein gong så fredsæle og lykkelege landet hans.

LES OGSÅ: Verda blir mindre fri