Skapte norsk klatrehistorie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to og eit halvt år sidan bestemte fjågesundingen Tone Gravir og ektemannen Leif Harald Bergseth frå Porsgrunn seg for at dei ville trene for å bestige verdas sjette høgaste fjell. 

Planen var å klatre Cho Oyu, fjelltoppen som ragar 8188 meter over havet på grensa mellom Nepal og Tibet denne hausten. Men brått endra planane seg då fjellet, som paret omtalar som det lettaste av fjella over 8000 meter, blei stengt for klatrarar.

– Turoperatøren kansellerte reisa rundt påsketider i år, og så dukka Manaslu opp som eit alternativt mål, fortel paret.

Tidlegare har dei besøkt både Uhuru Peak på Kilimanjaro med sine 5895 meter over havet i 2008 og Aconcagua i Argentina på 6962 meter over havet i 2010.

Det var rundt påsketider dei kom i kontakt med Ryan Waters, sambuaren til den norske eventyraren Cecilie Skog. Han skulle vere ekspedisjonsleiar for reisa opp til verdas åttande høgaste fjell, Manaslu, som ragar 8136 meter over havet. Majestetiske Manaslu ligg i Nepal og fjellets namn tyder «Sjelefjellet».

Mykje trening 
Tolv til fjorten timar med trening i veka, gjerne opp og ned bakkar med ein 30 kilo tung sekk på ryggen. 

– Slik gjekk mange av treningsøktene, og takk og pris for det, smiler Tone og Leif Harald vel heime i sofaen i Fjågesund. 

Dei er overbevist om at harde treningsøkter verkeleg betala seg. Då lufta blei tynn, det blei tungt og bratt, og kroppen måtte fungere for å kome seg vidare.

– Ein stor del av ein slik tur er tida før ein reiser, det å kunne glede seg og sjå fram til tur. Ein set seg delmål og mål, og det er lettare å ta på treningsklede og joggesko når du veit at du har ei fantastisk oppleving i vente. Ein annan ting er at du reiser ikkje, og får heller ikkje lov til å reise på ein slik tur, utan å vere godt mentalt og fysisk førebudd, seier Leif Harald.

LES OGSÅ: Sikra seg plass i Guiness rekordbok

– Korleis reagerte familien då de fortalde at de skulle ut på ein ny ekstrem topptur?

– Barna våre gleda seg med oss. Når dei såg at me var avslappa, blei dei det også, seier Leif Harald.

– I familien var det nok pappa og mor hans som var mest engstelege for oss, meiner Tone.

Kransekake som energi 
I slutten av august var tida komen for avreise. Utstyrslista var fylgd til punkt og prikke, og ei sending med 40 kilo bagasje til kvar av dei blei sendt av garde til Nepal.

I sekken var det òg ekstra energi som naudsynt utstyr for å halde blodsukkeret oppe. Leif Harald hadde, som på sine tidlegare reiser, med seg rikeleg av mors heimebaka kransekake, elles var det også eit solid lager med julemarsipan, mjølkerull og Smil, fortel dei to. 

– Nå blir det ei god stund til eg skal ete kransekake att. Det er sikkert, ler han.

Frodig landskap 
Etter flyturen og eit par dagar i Kathmandu starta ei minnerik reise med bil innover gjørmete vegar og frodig landskap. Til slutt sat bilen fast, og ein traktor med hengar frakta reisefylgjet humpete vidare til ein landsby.

– Denne dagen feira me også 50-årsdagen til Leif Harald. Det blei selskap med kake, ballongar og fest, smiler Tone. 

Vidare gjekk turen til fots i seks dagar. Det blei ein lang rusletur innover utrulege vegar, opp stigar, ned att til elva og over hengebruer.

– Me gjekk frå landsby til landsby på dei mest utrulege stadar i terrenget. Då me kom til landsbyane møtte me blide, hyggelege menneske som gjerne ville selje ein kald brus, og barna hadde sjølvsagt veldig lyst på ein sjokoladebit, seier Tone. 

– Folket me møtte hadde materialistisk svært lite, men sidan dei budde i ein dal med mykje fukt var det rikeleg med dyrka mat og dei hadde det godt, seier Leif Harald.

LES OGSÅ: Råskinn med propell på ryggen

Base camp 
Etter seks dagar på tur innover dalen var reisefylgjet, som bestod av fire nordmenn, ein franskmann og ekspedisjonsleiar Waters, kome til 3450 meter over havet. 

Toppturar handlar mykje om å takle høgde og akklimatisere seg. Ein må gjere ting sakte, konsentrert og grundig.

– Etter eit par dagar med avslapping gjekk turen vidare til base camp som låg 4800 meter over havet. Her blei det ein ny kviledag, før turen gjekk vidare til isbreen på 5100 meter. Det var ein hard tur det, minnest Tone.

Manaslu i Nepal. Foto: Ben Tubby/Flickr/CC-lisens

Ei tragisk ulykke 
Reisa heldt fram til den fyrste campen, så ned att for ein kviledag, før turen gjekk opp til andre camp og ned att.

– Klokka kvart på fem om morgonen 24. september vakna eg av lyden av ras. Me hadde stadig høyrd at det rasa litt i fjella, men ikkje slik som dette. Men me høyrde ikkje meir til det, og om morgonen starta me reisa opp mot camp to att. Etappen bar preg av mykje isklatring, seier Tone.

– Når me hang i selen og klatra opp isveggen, kom det fyrst ein skrekkslagen japanar ned veggen, og me kjente raskt at han hadde gjort i buksa. Kort tid etter kom det ein svenske, og han fortalde at det hadde skjedd noko frykteleg. Det var døde folk i fjellet. Sherpaen vår fekk beskjed om at det hadde skjedd ei ulykke, og me gjekk ned att til camp ein, seier Leif Harald.

Då raset gjekk denne natta gjekk femten menneskeliv tapt, og mange blei hardt skadd. 

– Fire nordmenn som var i camp to hadde merkt lufttrykket frå raset, men kom heldigvis uskadde frå hendinga. Det viste seg at raset hadde stoppa i ein diger bresprekk ovanfor campen, seier Leif Harald.

Redningsarbeidet starta og dei omkomne og skadde blei frakta ned frå fjellet med helikopter. Svært mange av klatrarane som var i fjellet vendte heim. Det blei stille i fjellet.

– Ryan bestemte at me skulle vente i base camp for å sjå kva som skjedde vidare. Han var open for at me kunne reise heim om me ynskte det. Me bruka to netter på å bestemme oss, og den eine natta låg me nok vakne og grubla om me verkeleg skulle halde fram reisa mot toppen, seier paret.

Med stor tillit til Waters, som er utdanna geolog og ein svært erfaren fjellmann, bestemte Tone og Leif Harald seg for å gå vidare.

(saka held fram under bildet)

Cho Oyo sett frå Gokyo. Foto: Uwe Gille, Wikipedia, CC-SA 3.0

Sterke minne 
Turen heldt fram. 

– Vêrvindauget viste at me måtte gå om me skulle rekke toppstøyt før varselet viste dårlegare vêr att, seier Tone. 

Tone og Leif Harald passerte rasområdet. Delar frå campen som kort tid før var der, låg nå over alt. Teltstengar stakk opp. At ein av klatrarane framleis var sakna var i tankane til fylgjet.

– Men me fokuserte på vegen vidare mot toppen. Og me kjente at gleda over å vere til stades i fjellet kom tilbake. Kjenne på blodslitet, og at det blei fysisk tungt. Ein må vere konsentrert heil tida, puste inn med nasen, frisk luft til lungene, minnest Leif Harald.

– Kanonslag 
Dagen før toppstøytet gjekk dei frå camp to til camp tre, der dei tok på seg oksygenmasker før ruta heldt fram opp til camp fire.

– Det utgjorde 1200 høgdemeter på ti timar, der me mellom anna måtte klatre over ei isklippe. Det var ein av dei beste dagane mine på turen, minnest Tone og seier at ho gjekk med eit smil om munnen og ei god kjensle i kroppen.

– Tone var i kanonslag den dagen og ho drog mykje av gruppa. Det var her me verkeleg fekk kjenne at time etter time med tung sekk på ryggen og trening betala seg, seier Leif Harald.

LES OGSÅ: Video frå kinesisk utfor

Ei rar natt 
Paret kraup inn i teltet 7400 meter over havet og sov utan oksygenmaska den natta.

– Men det var ikkje lett å sove, sjølv om det var stille og fint vêr. Spenninga steig mot det som skulle skje. 30 kuldegrader laga rim på innsida av teltet, og klokka tri fekk me servert ein kopp te til frukost. Me kledde oss og den siste reisa starta i mørkret med hovudlykt, seier Tone.

– De skulle sett det ljoset då sola stod opp. Den klare lufta, kvit snø, fjella langt, langt der nede …

Etter seks timar nærma dei seg toppen. 

– Her var det mellom anna ein sti som var ein halv meter brei og om lag 2500 meter rett ned på kvar side. Hjelpe meg. Då kopla eg inn tunellsynet og såg på skoa til Ryan som gjekk før meg. Eg likar ikkje høgder, eg, seier Leif Harald og ler litt.

Ikkje glad i høgder 
I og med at han har klatra ein 8000-meters topp, blir ein usikker på om Leif Harald snakkar sant når han avslører at høgder ikkje er hans greie. 

– Eg hugsar godt fyrste gongen du var med meg opp på Ånås i Fjågesund. Du var så redd då eg gjekk ut på kanten, og turte i alle fall ikkje gjere det sjølv, ler Tone med eit ertande glis.

Leif Harald meiner at toppturen dei nettopp har gjennomført ikkje hadde vore mogleg nokre år tilbake, så høgdeskrekken har nok minska med tida.

Men han innrømmer at han ikkje var så høg i hatten då dei endeleg kunne klatre til topps på den vesle halve kvadratmeteren som er sjølve toppen av Manaslu og smile for fotografering.

– Ja, men eg heldt då godt rundt deg, seier Tone, som fortel at turen ned att var fylt av ekstrem meistringskjensle.

SJÅ OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

Nummer to 
Manaslu er ikkje eit fjell som mange klatrar til topps kvart år. Tone fortel at det var registrert 350 klatrarar i basecamp, og at dette truleg er dobbelt så mange som året før.

– Manaslu er ikkje så kommersielt enno, og grunnen til at få har prøva seg på toppen her er nok av at det er litt ukjent og farleg, trur Tone.

Toppen av Manaslu blei nådd for fyrste gong i 1956 av ein japansk ekspedisjon, og Cecilie Skog var den fyrste norske kvinna som gjekk til topps på den majestetiske tinden i Himalaya-fjella. 

Då Tone planta flagget på føremiddagen 1. oktober kunne også ho signere namnet inn i historiebøkene som andre norske kvinne på toppen av Manaslu. Tone og Leif Harald blei femte og sjette nordmenn på toppen gjennom tidene.

– Og me takkar Ryan Waters for hans val og prioriteringar på reisa. Det er grunnen til at me klarte å nå toppen, seier paret. 

Dei oppsummerar det heile som eit eventyr, trass i den tragiske ulykka. 

Ikkje enno 
– Ny tur? 

– Me har ingen klare planar, men me veit nå at me toler høgda og det psykiske og fysiske presset. Waters skal til Mount Everest neste år, men då får me prioritere fritida på hytta, forsikrar dei. 

– Hovudsherpaen me reiste med nå vil ha med seg Tone som fyrste norske jente opp sørsida av Mount Everest, seier Leif Harald. 

Han kjem inn på at det også er økonomiske sider med slike ekstreme toppturar. Det er ikkje bare lysta som styrer. 

– Ein nyttar mykje tid til førebuing, og ein må spare mykje ferie til reisa. Reisa me hadde denne hausten kosta rundt 300.000 kroner, og ein tur til Mount Everest vil koste 700.000 kroner. Men skal me nokon gong på tur att, vil me garantert reise med Ryan Waters som ekspedisjonsleiar, smiler paret. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Nordsida av Cho Oyu sett frå Tingri i Tibet.

Faktaboks

• Manaslu, òg kjend som Kutang, er med ei høgd på 8.163 meter det åttande høgste fjellet i verda.
• Manaslu-massivet, som òg blir kalla Mansiri Himal eller Gurkha Himal, ligg i distriktet Gorkha. Omlag 60 km mot nordvest ligg fjellmassivet Annapurna Himal og i søraustleg retning finn ein Ganesh Himal.
• Namnet Manaslu kjem frå sanskrit og tyder om lag «Sjelefjellet».

Les meir på Wikipedia!

• Cho Oyu er eit 8.188 meter høgt fjell i Himalaya, og det sjette høgste på jorda.
• Fjellet ligg på grensa mellom Nepal og Den autonome regionen Tibet, 20 km vest for Mount Everest og Lhotse.
• Utgjer den vestlegaste hjørnepillaren i massivet Mahalangur Himal på Himalayas hovudkam.
• Edmund Hillary fann i 1952 ut at fjellet kunne klatrast over nordvestsida, og 19. oktober 1954 lukkas ein austerriksk ekspedisjon leia av Herbert Tichy å nå toppen over denne ruta.

Les meir på Wikipedia!