Ny musikk- og litteraturfestival på Sunnmøre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikken i Åram er det mellom andre Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet, og Kato Nogva Flem, Ove Kvangarsnes og Øystein Salhus som skal stå for.

Teater

Laurdag 26. mai blir det eit rikhaldig program med festivalkafé og bokmarknad, og skodespelarane Wilhelm Støylen og Kyrre Eikås Ottersen frå Sogn og Fjordane Teater kjem for å vise familieframsyninga Den trufaste venen, ei eventyrforteljing av Oscar Wilde.

Programmet held fram med forfattarane Marit Kaldhol og Øystein Vidnes, som skal snakke om Frankenstein og litteratur for ungdom og vaksne, mens Jan Inge Sørbø skal halde foredrag om den nynorske litteraturhistoria.

Lanserer ny diktsamling

Lyrikaren Hilde Myklebust frå Syltedalen i Vanylven lanserer elles den nye diktsamlinga si, Kvar ein fugl, under festivalen og får gjestehjelp av Mette Karlsvik. Myklebust følgjer dessutan opp med poesikonsert saman med perkusjonisten Miki Campins.

Maria Parr frå Fiskå kjem òg for å lese frå den siste boka si, Keeperen og havet, før musikarane Morten Bollerud og Øystein Salhus avsluttar det heile med tradisjonell tangomusikk. (NPK)