Bjarne ville ikkje på film – no er han publikumsvinnar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Weronika Nitsch som er regissør, og saman med Alexander Vollevik Larsen har filmskaparen laga filmen der ho smått om senn blir gode venner med naboen sin.

Nitsch og kollega Alexander Vollevik Larsen etter å ha vunne i Volda. Foto: Dag Indrebø

– Ingen i teamet hadde forventa nokon ting, så det vart ei veldig positiv overrasking å få studentprisen og deretter publikumsprisen i Volda, seier Nitsch.

Filmskaparen er opprinneleg frå Polen, og har studert dramaturgi, dokumentar og journalistikk i Krakow, Cardiff og Volda. Det var då ho skulle ha sommarjobb i Oldedalen i Sogn og Fjordane, at ho vart kjent med naboen Bjarne Sunde. Etter kvart fekk ho ideen om å filme han.

– Det starta da eg hadde ei studentoppgåve der eg laga ein 8-9 minutt lang dokumentarfilm om han, «Bjarne begraver Lykke». Eg vart så fascinert av personlegdommen hans, så da fann eg ut at eg kom til å lage lengre film om han. Eg byrja å filme han ganske regelmessig, fortel Nitsch.

Filmen vart hennar masteroppgåve på dokfilmstudiet i Volda, og skal visast på Nordic Docs i Fredrikstad denne helga, og på kortfilmfestivalen i Grimstad i juni.

Sjå Bjarne begraver Lykke her:

 

– Hadde hovudpersonen like lite lyst til å bli filma som det ser ut som i filmen?

– Ja, i byrjinga var han lite begeistra. Ei scene viser veldig kor misfornøgd han var. Så byrja vi å trivast veldig godt ilag, og kamera vart etter kvart ikkje så viktig. Det vart viktigare at vi brukte tid saman. Kamera vart noko ekstra, forklarer ho.

Nitsch fortel at filmen er ei historie om to menneske som trass i at dei kjem frå ulike kulturar og har ulik bakgrunn, byrjar å trivast godt i kvarandre sitt selskap, og blir venner.

Viktig å vere nysgjerrige på kvarandre

– Det er ei ganske personleg historie. Men filmen har fleire nivå. Eg vil fortelje at vi må tore å vere nysgjerrige på andre menneske, tore å vere opne. I ei verd med mykje framandfrykt, er det viktig å ikkje vere så redde for kvarandre, seier ho.

Nitsch fortel at det kjekkaste med å lage filmen var å vere saman med Bjarne og å klippe filmen saman med Alexander Vollevik Larsen, som er filmens medskapar.

– Det var ei stor glede å samarbeide med Alexander. Vi hadde òg ein ekstra fotograf, Dag Indrebø. Alle var veldig gode venner, så det kjentest ikkje som jobb, men som ei stor glede å halde på med.

Etter å ha filma i to år, enda dei opp med mange timar med opptak.

– Å ta avgjerda saman med Alexander om kva for scener vi skullle behalde og gløyme, var nok det vanskelegaste med filmen, seier ho.

Sjå traileren til filmen her:

– Kan du beskrive vennskapet mellom deg og Bjarne og korleis det starta?

– Eg var veldig fascinert av Bjarne fordi han er ein som alltid unngår merksemd. Han ville ikkje bli tatt bilde av, og alle som kjente han vart veldig overraska over at han til slutt vart med på første filmen.

Ho trur han vart med fordi dei vart så gode vener. Framleis ringer og møter dei kvarandre ofte.

– Det er noko veldig ærleg og ekte som har oppstått mellom oss. Hovudsakleg liker vi å tilbringe tid saman. Han er ein av dei viktigaste personane i livet mitt, og eg er veldig glad for at han finst og at vi òg har historia på film som kan fortelje om det, seier ho.

No skal dei feire 17. mai saman heime hos han. Denne gongen let ho kamera ligge.

– Nei, eg vil ikkje plage han meir med kamera. Eg trur vi kan slappe av litt no, seier ho.

Foto: Weronika Nitsch