451 unge talent nominerte til draumestipend
I desse dagar er det på nytt klart for å dela ut det årlege Drømmestipendet til unge talet frå Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. 451 unge kulturutøvarar er i år nominerte til stipend.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av dei 451 nominerte, skal det plukkast ut 100 vinnarar som får 15.000 kroner kvar.
Stipenda skal delast ut i mai og juni, men kvar enkelt kommune kan bestemma når dei vil dela ut stipend og gjera stas på til stipendmottakarane sine.
I slutten av juni blir det offentleggjort ei samla oversikt over kven som har fått stipend på nettstaden drommestipendet.no.
Les også: The Vossa Rebels: – Det berre «badla på seg»
Skal motivera til utvikling og oppfylle draumar
Det er femtande året på rad at Drømmestipendet blir delt ut. I jubileumsåret er stipendpotten auka med 500.000 kroner til 1,5 millionar kroner.
Mottakarane er ungdom mellom 13 og 20 år. Målet med stipendet er å motivera ungdommane til å utvikla seg vidare og gje dei høve til å få oppfylt nokre av draumane sine.
- Les også: Fann krafta i songen