Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sondre Styve (14) på kontrabass Eivind Styve (16), spelar trommer Sondre Hegg (17) spelar gitar og er vokalisten og Jakob Sjøtun (17) spelar og gitar.

Deler av gruppa er i slekt. Sondre og Eivind Styve er brør. Sondre Hegg er tremeningen til desse, men Jakob, som er i Bergen når me treff dei – er ikkje i slekt.

Dei starta å spele då dei var små. Sondre, minstemann i bandet var berre seks år, då han tok kontrabassen fram, og starta å spele saman med dei andre. Bandet synest det er vanskeleg å seie korleis det starta.

– Me starta berre å spele, fortel Sondre Hegg. Musikkstilen er langt frå Kygo som dei fleste på den alderen høyrer på. Her går det i rockabilly.

– Grunnen til dette er at det er jo ikkje så mange andre som spelar det same, og me fekk foten på det. Me klarte å etablera oss eit publikum, så då heldt me berre fram, fortel Eivind Styve.

På leit etter lukka

Gutane kan halda livlege konsertar med gitarspeling på ryggen og klatring oppå bassen. Dei fåmælte gutane kjenner adrenalinet godt på scena. Dei har kome langt sidan den fyrste konserten i gamle ungdomshallen på Vangen på Voss. – Det berre «badla på seg», fortel Sondre Hegg.  For dei som ikkje er stø i Vossamål tyder dette «ballen starta berre  å rulle» No er dei på andre runden i Norske Talenter. Kanskje ligg lukka i andre forsøk?

– Me har bygd oss opp over fleire år, spelt mykje og fått mediemerksemd, fortel Eivind Styve.

Stiller opp på Tysnesfest

– Det er ein allsidig musikksjanger, alle kan høyra på det utan at det er favorittmusikken deira, legg Sondre Hegg til.

Gutane har gjeve ut plata Bedop i 2016. Der har dei hatt eigen tekstforfattar. Og så har dei laga melodiane. Dei draumar om å gje ut ei plate til. I tillegg skal dei stille opp på Tysnesfest til sommaren. Dei deltek og på andre festivalar i løpet av sommaren.

– Eg har lyst å lage eigne tekstar, medgjev Sindre Styve. Men han er særs ordknapp  om kva han vil skrive om.

Gutane forlét intervjuet med stil på moped nedover Voss sine gater, med eit håp om at folk vil stemma på dei i semifinale etter påske. Samt høyre plata som ligg på Spotify.

LES OGSÅ: Susanne Sundfør stiller på Tysnesfest 2018