Stor støtte blant nordmenn til eit forbod mot barneekteskap i Tanzania

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsgruppa Youth 4 Change i Tanzania kjemper for å forby at 14 år gamle jenter kan bli gifte, og dei har bedt om støtte gjennom underskriftar frå heile verda. Plan International Norge har samla inn over 11.000 underskriftar som no skal overleverast til dei unge aktivistane.

– Det er eineståande at så mange i Noreg støttar kampen mot barneekteskap i Tanzania. Samtidig sender vi et tydeleg signal internasjonalt om at det må bli forbode for barn å gifte seg, seier kommunikasjonssjef Siv Meisingseth i Plan International Noreg i ei pressemelding.

Først Norge, så Tanzania

Samtidig er Noreg sjølv i ferd med å forby barneekteskap. 22. mai skal Stortinget behandle eit forslag frå Regjeringa om å innføre ei absolutt 18-årsgrense for ekteskap.

Lovendringa i Noreg er ei direkte følge av at over 9.400 norske ungdommar i regi av Plan sendte protestbrev til sine fylkesmenn mot at ekteskapsloven tillot at 16- og 17-åringar kunne få gifte seg.

– Den venta lovendringa i Noreg gjer at vi med større truverd kan vere med i den globale kampen mot barneekteskap. Vi kan ikkje krevje av andre land det vi ikkje krev av oss sjølve, seier Agnes Nordvik (15) i ungdomsorganisasjonen «Wedding Busters».

No samarbeidar også ungdom i Noreg med unge aktivistar i Tanzania for å innføre eit forbod mot barneekteskap der:

– Vi som har kjempa for 18-årsgrense i Noreg, vart inspirerte av ungdom i Malawi som klarte å få til et forbod mot barneekteskap i 2017. I Noreg er det ei prinsippsak å få 18-årsgrense for ekteskap, men i Tanzania blir veldig mange av jentene gifte som barn, seier «Wedding Buster» Selma Reinhart (17).

Nærme eit forbod mot barneekteskap

Tanzania er blant landa i verda med flest barnebruder. Ifølgje ekteskapslova kan ein gut gifte seg når han er 18 år, mens ei jente kan gifte seg allereie som 14-åring, med samtykke frå foreldra.

I juli 2016 vedtok høgsterett at ekteskap med barn under 18 år er i strid med grunnlova.

Regjeringa i Tanzania fekk eitt år på seg til å oppdatere lova, men motstandarar av lovendringa har no anka saka, og ho må difor opp i rettssystemet igjen.

Globalt problem

Kvart år blir 12 millionar jenter gifte som barn. FNs berekraftsmål seier at verda skal få slutt på barneekteskap innan 2030.

Signaturane frå Noreg blir i april lagt saman med signaturar frå andre land og blir overlevert til dei unge aktivistane i Tanzania. Målet er å auke det politiske presset for å innføre eit forbod.