Vi bør få psykisk helse på timeplanen

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulen er allereie ein stad ikkje alle er like begeistra for med tanke på alle leksene og prøvene. Det er alt for mange jenter og gutar som slit med psykiske problem, og ein del av dei veit sikkert ikkje kva som feilar dei. Dei føler seg aleine, og klarer ikkje å finne lyset. Dei må vite at dei ikkje er aleine, her er folk som kan hjelpe dei, og at det er mange som slit med akkurat det same.

Eg vil ha eit nytt fag på skulen.

Eit eige fag der ein snakkar om alle psykiske problem. Alle burde ha eit betre innblikk i kva alle dei ulike tinga går ut på og korleis ein kan komme seg over det, som for eksempel anoreksi, depresjonar, angst og press. Det blir alt for lite snakka om og når dei fleste får nokre slike problem, så veit dei ikkje korleis dei skal handtere det. Dei fleste går og held alt inne heilt til dei til slutt sprekk. I ungdomsalderen så er alle skummelt sårbare, du veit aldri kva ein person går og held inne. Eg synest vi må få fram kor viktig det er å ha ein person å snakke med, uansett kor bra du har det. Alle har oppturar og nedturar i løpet av livet sitt, og enkelte gongar kan nedturane bli litt for mykje, og da er det viktig å få snakka med nokon.

To timar i veka med helsesyster

For at dette skal bli betre har eg lyst at vi skal få inn to timar ekstra i veka der ein snakkar om dei ulike problema. Den kan styrast av for eksempel helsesyster. Dei kan til dømes ta opp eit nytt tema kvar månad. Alt i frå press, til kjærleiksorg blir tatt opp.

Alle elevane burde vere med munnleg, og komme med innspel til korleis ein kan overkomme dei ulike problema. Dette vil hjelpe dei slik at viss noko skjer dei, så veit dei kva det er og snakkar med nokon om det. Det er superviktig at folk skjønnar kva det er som skjer med dei og kroppen deira. Eg trur dette vil hjelpe på å minske talet med sjølvmord også. Mange av dei som gjer det har ofte gått og heldt noko inne så lenge at dei ikkje klarar meir. Derfor er det superviktig at vi tek dette seriøst og lyttar til andre når dei trenge det.

Ungdomsskulen er den perioden alle prøver å finne seg sjølv. Alle går gjennom mange fasar og ein del kan bli ganske frekke når dei held ting inne. Dette fører til at dei som blir rakka ned på kan få det vanskeleg sjølv. Tenk om vi kunne fått dei som slit med sinne til å snakka med nokon, og fått hjelp i staden for at dei skal få sinne sitt ut over andre som får det da vanskeleg. Eg trur skulane hadde blitt mykje betre da.

Anonyme spørsmål

Om for eksempel den som held undervisninga tek ein spørsmålsrunde før og etter kvart tema der ho/han svarar på alle spørsmåla elevane lurar på – og at dei får vere anonyme. Eg trur det kunne hjelpt mykje.

Det er ein del barn som ikkje tør å snakke med nokon om det. Om dei hadde fått stilt eit anonymt spørsmål kunne det vert eit første steg til å få hjelp. Ein burde også legge ein del vekt på kva ein kommentar kan gjere mot ein person. Det er viktig at vi lærer å få respekt for kvarandre og skjønar at det ikkje bare er ein sjølv som kan ha problema her i verden.

Eg håpar verkeleg at dette er noko som kunne skjedd i framtida, det er viktig at vi lærer å kjenne kroppen vår og andre medmenneska våre. Vi må lære oss at ein må snakke ut om ting om man skal klare å ha det bra med seg sjølv, der er alltid håp for alle, ein må berre vere villig til å få hjelp. Og om folk hadde gjort det trur eg karakterane hadde blitt mykje høgare også. Om ein klarar å få vekk dei vonde tankane som fyller hovudet, og heller bruke det til å fokusere på skulen ville det hjelpt mange. Både elevar og lærarar.

Les fleire saker om framtidas skule her!

Skrivekonkurranse om skulen for framtida

Dette innlegget til Nathalie Huse fekk heiderleg omtale av juryen i skrivekonkurransen til Magasinett og Framtida.no. Nathalie Huse går i førsteklasse på Spjelkavik vidaregåande skule.