Slik blir du skodespelar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Cæsar- stjerne snakkar ut

– Det viktigaste er at ein er kjent med sine eigne kjensler, og har skodespelaren i blodet. Ein brukar seg sjølv som verktøy i denne bransjen, seier Kim-Daniel Sannes frå Hotell Cæsar.

Namn: Kim-Daniel Blir Sannes
Alder: 23 år
Yrke: Skodespelar
Arbeidsplass: TV-serien Hotel Cæsar (Storm Liland Anker-Hansen)

Kvifor valde du dette yrket?

– Det skjedde heilt naturleg. Eg hadde eigentleg tenkt til å bli elektrikar, og gjekk på ein spesiell ungdomskule på Lysaker, som heiter Sollerudstranda. I samband med den komande Bastøy-filmen, vart det leita etter unge skodespelarar der, og eg melde meg på for moroskuld. Det vart ikkje noko rolle då, men seinare fekk eg ei rolle i novellefilmen «Som systera mi». Då hadde dei funne auditionen min frå Bastøy-prosjektet. Dette var samstundes som eg gjekk på VK1 Elektro. Vidare vart eg tilrådd frå novellefilmen til NRK Casting og kom med i TV-serien «Skolen».

Sånn balla det på seg vidare, til der eg er i dag.

Kva for arbeidsoppgåver har du i yrkeskvardagen din?

– Eg les, redigerer og innstuderer tekst kvar dag. Ein annan del av arbeidsdagen er å stå føre kameraet å leike meg eller bli intervjua. Når ein jobbar med TV-produksjon, er det nye situasjonane ein må setje seg inn i, og ein møter nye utfordringar kvar dag. Storm Liland Anker-Hansen, som eg er så heldig å få spele, er lik meg på fleire måtar. Det er veldig forløysande å kunne gå inn i ein slik rolle. Er ein til dømes skikkeleg sinna ein dag, kan ein få frustrasjonen ut gjennom skodespelet på jobben og sleppe å ta det med heim etter arbeidsdagen. Ein bruker seg sjølv som eit verktøy i denne bransjen.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli skodespelar?

– Det blir ikkje kravd formell utdanning som eg veit. Kristoffer Joner har eksempelvis ingen skodespelarutdanning, men han er likevel kåra til ein av Noregs beste. Det har sikkert mykje å seie om du har musikk, dans og drama frå vidaregåande skule, og den lokale teatergruppen frå du var liten, men som Sossen Krogh seier: «Ein må ha skodespelaren i blodet». Eg trur ein må vere ein livsnytar. Det er veldig nyttig å ha mange livserfaringer, og å kunne bruke dei, er det beste verktøyet. Å evne til å manipulere kjenslene sine, og rett og slett vere god til å late som er viktige eigenskapar.

Det er mange vegar å gå for å bli skodespelar. Det viktigaste er at ein sit på desse kvalifikasjonane og har skodespelaren i magen. Under ei utdanning kan ein lære seg triks og teknikkar, men ein del av skodespelartalentet bør liggje i blodet, meiner eg.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Det må vere å jobbe med andre livsnytarar. At eg kvar dag kan jobbe med personar som tenkjer i breidda, og som er oppteke av kva livet eigenleg har å by på. Eg likar òg at det er varierte dagar med ulike utfordringar. Ein lærer utruleg mykje om seg sjølv, og mennesket generelt.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Dersom ein har kjærast i same yrke, kan dette vere ganske pikant, og skummelt nokre gonger. Som skodespelar kan du ende opp med å måtte vere intim med ein kollega, og det er berre i denne bransjen dette skjer. Det er ein barriere å kome seg over, men ein må tenkja at det berre er fysisk fiksjon og skodespel. Så viss du er av den sjalu typen, ville eg ikkje tilrådd å få deg kjærast i same yrke.

Eg personleg har hatt ein del problem med å innstudere tekst. Å pugge tekster er ikkje alltid like gøy. Men eg elskar jobben min, og desse tinga er ein liten pris eg må betale for å jobbe med noko eg elskar.

Kva for andre arbeidsområder/høve finst innanfor yrket ditt?

– Mange. Er du ein god underholder, er det mange ulike ting du kan bruke deg sjølv til. Eksempelvis kan ein gå over til å bli konfransier, programleiar, standup-komiker og revy-artist, eller drive med teater, reklame, film, såpeserier og til og med dubbe Disney- eller reklamefilmar og radioreklamer. Er du i tillegg ordentleg kreativ, med ein forfattar i magen, kan du jo skrive eigne stykke.

TEMA: Les andre yrkesintervju!

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Då stiller eg det same spørsmålet; kva vil du forvente i løn? Det kjem heilt an på der hardt du satsar, kor hardt du strebar, der du jobbar og kva du jobbar med. Det er uendelege høve.

Korleis ser du på sjansen for å få jobb innan dette yrket?

– Det skal seiast at det er mange om beinet her, og det er kjent at dette ikkje er ein ni til fire jobb. Men viss du er ein skodespelar, og har det i blodet, er derimot sjansen veldig stor. Den einaste måten å tape på er å gje seg.