Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «Idiotisk Einvegslove»

Trass i at eg jobbar med tekstskriving i musikk til dagleg, brukar eg sjeldan å vere så oppmerksam til tekstar når eg lyttar til musikk. Melodien har alltid vore det som har tatt merksemda mi mest. Likevel er det nokre få som greier å stjele fokuset mitt vekk frå melodiane og over på teksten. Stein Torleif Bjella er ein av desse. Eg oppdaga han i Kristiansand etter det første året mitt på universitetet der.

Eg hadde i lengre tider lese om eit album som toppa listene til alle kritikarane i landet og til slutt bestemte eg meg for å sjekke det ut. Heim For Å Døy. Det hadde nettopp gått litt på trynet med ei jente som eg var ganske betatt av, så det kan vere at eg var ekstra open for eit album for den tittelen.

Sett litt på spissen, så kjentest det ut som eg skulle nettopp dette. Heim til Sunnmøre for å døy.

Den sommaren jobba eg som vanleg som feriehjelp i eit anleggsgartnar-firma og det inneberer mykje køyring til og frå jobb. Heim For Å Døy var på stereoen om att og om att. Av og til mens eg jobba også.

Det er noko med måten han bruker språket sitt som er i ein slags gamal tradisjon, samtidig som den er vove inn i det moderne bygdespråket på ein måte som veldig få andre får til. Ein kan på ein måte høyre at låtane blir til i det fantastiske landskapet oppover i Hallingdal blant snø og skogar. Som bygdegut er dette noko eg kjenner meg heime i. Andre vil kanskje karakterisere det som eksotisk.

Det er ein låt på dette albumet eg vil trekke fram, som fengde spesielt mykje då eg høyrde den. «Idiotisk Einvegslove» – ein låt som skildrar følelsen av å lengte etter nokon som ikkje lengtar tilbake.

Koss kan eg føle meg snytt
Du va alder i livet mitt
Koss kan eg miste gong p
å gong
Ein som alder kom

Det er noko ved desse linjene som for meg skildrar så utruleg godt den følelsen av å ikkje klare å kontrollere kva du føler samtidig som du er fullt klar over realiteten i situasjonen. Det du føler er verken rota i verkelegheita eller gjensidig.

Refrenget i denne songen er kanskje det eg beundrar mest.

Eg låg vakjin når du sov
Idiotisk einvegslove
Eg l
åg vakjin når du sov
Idiotisk einvegslove

Orda i seg sjølv er ikkje fantastisk vakre i seg sjølv. Nei, det er kva orda fortel som er det viktige her. Desse få orda er eigentleg nok til å forklare det som heile songen prøver å beskrive.

Så er det ikkje til å stikke under ein stol at denne dialekta som Bjella har kan trollbinde kven som helst. Ei meir jovial, ærleg og poetisk dialekt skal du leite lenge etter.

Sjå alle «Ein låt eg likar»-tekstane her!