Framtida
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå husdraum til samlivsmareritt

Den travle forfattaren møter på kaféen på Cornerteateret i Bergen. Her er ho dagleg leiar og har kvardagen fylt opp med prosjekt i tillegg til skrivinga. Fredag 6. april gir ho ut sin sjette roman: Gratis og uforpliktande verdivurdering. – Eg har strevd veldig med han, så eg er berre glad den blei ferdig, ler ho på spørsmål på om ho gruar eller gler seg til lansering.

Håpar på diskusjon

Romanen, Gratis og uforpliktande verdivurdering, handlar som tittelen tilseier: om bustadkjøp. Her fylgjer me eit par som kjem over draumehuset på Finn.no. Me fylgjer dei i dagane før, under og etter visning og gjennom alle diskusjonar og vurderingar.

– Samstundes vert fortida rulla opp, og det som ytre sett er ei vurdering av huset viser seg å vera ei ganske grundig vurdering av dei sjølv og forholdet. Så huset blir på ein måte eit symbol på kva liv ein ynskjer eller ynskjer seg vekk ifrå, fortel ho.

Marit Eikemo håpar den nye boka hennar vil danne utgangspunkt for diskusjonar. Foto: Ingvild A. Eide

For Eikemo har det vore interessant å sjå på dette med bustadkjøp og kva desse bustaddraumane representerer for oss.

– Hanne, karakteren i boka, er veldig oppteken av at dette er eit fellesprosjekt. Det viser seg i løpet av handlinga at det kanskje er veldig mykje hennar soloprosjekt, og at ho har gått veldig langt for å oppretthalda fellesskapet, familieinstitusjonen og så bortetter, seier ho.

Eikemo har vore oppteken av: Kva er eigentleg det verste ein kan gjera mot kvarandre i dag?

– Ein blir jo sjokkert av å høyra at nokon har vore utru og kanskje funne seg nokon andre, men kva er det som verkeleg set våre verdiar på spel? Kva kan ein gjere i eit tosamt fellesskap, som er uoppretteleg? seier ho løyndomsfullt.

– Det vil punktera heile lesaropplevinga for folk om eg avslører kva som skjer, no. Men eg håpar det kan danne utgangspunkt for diskusjonar etterkvart, seier ho.

Samtidsobservasjonar

Særleg dette med Finn.no har vore ei inspirasjonskjelde for forfattaren, som har følgt mykje med på bustadmarknaden i mange år.

– Eg har jo vore heilt manisk på Finn og brukt masse, masse tid der, fortel ho.

Likevel poengterer ho at det aldri er så gale at det ikkje er godt for noko.

– Eg har jo eigentleg ikkje tid til å halda på med det, og eg føler det er heilt elendig å gjera ting som ikkje fører til noko. Så eg har gjort det til ein arbeidsmetode i livet at ingenting skal vera bortkasta. Har eg brukt utruleg mykje tid på Finn, så må eg i det minste bruka det. I det minste til ein roman, eller noko, ler ho.

– Kor viktig er det for deg å vera kritisk til samtida?

– Det er ikkje ein rolle ein tek på seg, det er heller ein måte å vera i verda på. Det at ein stiller spørsmål til det som omgir ein. Det som er viktig for meg som samtidsforfattar, er at ein gjennom eit truverdig narrativ kan prøve å sei noko nytt om den tida me lever i.

– Er du redd for å gå tom for nye samtidsobservasjonar?

– Tja. Eg er ikkje redd for det. Eg trur eg vil merka om ting sluttar å interessera meg tilstrekkeleg. For det må jo vera det som gjer at ein går tom. At ein ikkje finn interesse i ting lengre.

Har eg brukt utruleg mykje tid på Finn, så må eg i det minste bruka det. I det minste til ein roman, eller noko

Odda! Odda!

– Eg veit ikkje om eg er heilt einig i at det finst eit eige nynorskblikk. At fordi ein skriv nynorsk så går ein rundt med eit spesielt blikk. Men det er jo klart at kjem ein frå utkanten så har ein jo ei annan erfaring enn om ein kjem frå sentrale strøk. Men det er store variasjonar. Eg vil heller snakka om variasjonane som finst, seier ho.

– Dette med at Odda er ein liten plass, trur du det er med på å forma det du skriv?

– Ja, det trur eg. Eg har tenkt mange gonger på det, at på slike små plassar får ein på ein heilt annan måte tildelt ulike roller, som ein ikkje så lett kan tre ut av. I byen kan ein lettare gå inn og ut av ulike roller. Men er du politimann i Odda, så er det det du er. Eller brannmann, eller fittetjuven. Ein får liksom så veldig den rolla. Og då blir det som om alle i samfunnet speler ut rolla si, som om dei var på ein scene. Ofte overspeler dei litt òg. Dette er noko Frode Grytten får fint fram, synest eg.

I tillegg dreg ho fram den munnlege forteljartradisjonen frå fabrikkane.

– Eg har jobba mange år på fabrikkane i produksjonen om somrane, og det er jo ein type litt lukka samfunn som gir grobotn for ein litt røff tone og gode forteljingar, som ikkje alltid er så lette å etterprøva. Eg synest historiene frå fabrikken har ein spesiell kraft i seg. Eg likar den barske måten å fortelja på, seier ho.

Eg synest historiene frå fabrikken har ein spesiell kraft i seg. Eg likar den barske måten å fortelja på

Travel forfattar

Sjølv med ein travel kvardag og nylevert bok, tek ho ikkje noko pause frå skrivinga.

Marit Eikemo har ikkje noko behov for å definera skrivinga som noko arbeid. Foto: Ingvild A. Eide

– Nei, eg skriv litt på oppdrag innimellom. No held eg blant anna på med ein tekst til ein antologi som Mette Marit skal vera redaktør for til Frankfurt 2019, fortel ho.

– Korleis er det å skriva skjønnlitteratur på oppdrag?

– Eg synst eigentleg det er greitt. Eg skreiv òg ein tekst for teaterstykket Heim, ein Vestlandskrønike som har gått på Hordaland teater, der mange forfattarar vart invitert til å skrive ein scene. Det var veldig kjekt, fortel ho.

Ingen forfattardraum

– Når fann du ut at du ville bli forfattar?

– Det var ikkje noko eg gjekk rundt og hadde ein draum om eller håp om at eg ville bli. Det var eit stort nok sprang å tørre å bli journalist, fortel ho.

Etter å ha skrive reportasjeboka Her.No, tok ein av redaktørane i Samlaget kontakt og oppmoda ho til å skriva skjønnlitterært.

– Det hadde eg nok ikkje turt, viss ikkje. Så det var ikkje slik som andre ofte seier, at dei visste at det var det dei skulle bli. Eg likar veldig godt å vera i arbeidslivet, og har ikkje noko behov for å definera forfattarskapet som eit arbeid, slik eg ser enkelte har. Eg synst skriving er noko anna enn arbeid, fortel ho.

– Så du vil halde fram med å gjera begge deler?

– Ja, viss eg har helse til det. Det er jo eit helvete å halde på slik. Men eg ser jo at begge deler gir energi til kvarandre. Det er ikkje sikkert eg hadde haldt ut å berre gjera éin ting, smiler ho.

Det er jo eit helvete å halde på slik.

Klar for Festspela

7.-10.juni er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela. Ho gler seg mykje og fortel engasjert om programmet.

– Eg og Frode Grytten skal ha visning og verdivurdering av eit hus som er til sals. Det trur eg blir gøy! fortel ho engasjert.

I tillegg skal ho mellom anna samtala om å bygga karakterar, verdiar, mødrer i litteraturen, og vera med på målbar med engelske popsongar omsett til nynorsk.

LES OGSÅ: Sterk kvinnerekke på Dei nynorske festspela