Susanne Sundfør til Tysnesfest 2018

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Tysnes.

Med seg i bagasjen har ho fleire spelemannsprisar, seinast frå 2015 då artisten frå Haugesund like godt sikra seg tre av det slaget: årets popsolist, årets produsent og årets album. Sistnemnde med tittel «Ten Love Songs».

– Me er utruleg stolte over endeleg å få napp hos eit av Noregs største popnamn, seier dagleg leiar Øystein Vaage i Tysnesfest.

Frå før har han sikra seg Kari Bremnes, som skal spela på Solstråleøya, og Gåte med Gunnhild Sundli som frontfigur saman med broren Sveinung.

Stor kunst

«Dette er stor kunst. Stemmen til Susanne Sundfør er bedre enn noensinne», slo BT sin meldar fast etter Sundfør sin utselde konsert i Grieghallen i september.

No er det utearenaen på Gjerstad som ventar den allsidige artisten, som har spelt både jazz og klassisk. Etter kvart har ho kopla på mange element frå elektronika, og tekstane hennar handlar ofte om personlege opplevingar.

– Det er berre å gle seg til å oppleva Susanne Sundfør på Tysnesfest, årets popartist 2015 har mykje å by på, seier Vaage.

The Vossa Rebels har vore med på Norske Talenter, spelt på Balejazz, og i sommar gjorde dei ein strålande konsert på Fest i Vest i Sagvåg.

The Vossa Rebels har vore med på Norske Talenter, spelt på Balejazz, og i sommar gjorde dei ein strålande konsert på Fest i Vest i Sagvåg. (Pressefoto)

Han viser til låtar som «Reincarnation», «Kamikaze», «Undercover» og «The Brothel».

Brylkrem

Vestlandet dominerer på sleppelista denne veka. Tysnesfest held seg i Hordaland for resten av artistane dei presenterer. Spranget er ikkje stort reint geografisk frå Haugesund og Susanne Sundfør til Voss og The Vossa Rebels, men musikalsk er det langt mellom dei.

Ungdommane frå Voss, dei er i alderen 13 til 17 år, har henta inspirasjon frå ei tid der stil og brylkrem betydde alt. Kvartetten Sondre Hegg (gitar), Eivind Dæmring Styve (trommer), Sondre Demring Styve (kontrbass) og Jakob Sjøtun (rytmegitar) skriv låtane sine sjølve, og held seg til rockabillystilen.

Miss Tati har etter kvart blitt eit velkjend namn på konsertar og festivalar.

Miss Tati har etter kvart blitt eit velkjend namn på konsertar og festivalar. Foto: Øystein Haara

– Me såg bandet for første gong på bransjetreffet 100 dagar på Stord i fjor, og fekk verkeleg kjenna på kroppen kor energiske og rå dei unge karane er. Det passa dessverre ikkje inn i deira plan å koma til Tysnesfest 2017, men no er me glade for å ha dei på plakaten, seier Vaage.

Stadig meir populær

Miss Tati er fødd i Portugal, men foreldra er frå Senegal. Ho flytta til Bergen som tiåring, og har vore eit velkjend namn på konsertar og festivalar i fleire år.

– I april i fjor varma ho opp for Sondre Lerche på Tysnesfest sin kickoff, og hennar opptreden der gjorde at me der og då ba ho koma tilbake i 2018. Det gjer ho, så endeleg er Bergens eiga, multikulturelle popdronning klar for Tysnesfest, fortel Øystein Vaage.

Les meir om artistsleppet på tysnesbladet.no!