PST jaktar nett-troll etter Listhaug-bråk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det stadfestar seniorrådgjevar Martin Bernsen i Politiets tryggingsteneste (PST) overfor Dagbladet.

Ifølgje avisa har PST – berre saman med politiet i Nordland – oppsøkt fleire privatpersonar på heimeadressene deira.

– Vi har oppsøkt personar som har lagt ut truslar, grov sjikane og hatefulle ytringar på sosiale medium. Eg kan bekrefte at det er oppretta saker mot personar, seier Bernsen.

Sett ei klar auke i omfanget av truslar siste veka

Det er debatten rundt tidlegare justisminister Listhaug som har fått PST og politiet til å reagere. Truslane og dei hatefulle ytringane er først og fremst retta mot henne, Støre og Hareide. Alle tre har fått politibeskyttelse etter drapstruslar.

– PST har over lengre tid sett at personar i styresmaktene blir utsett for grov sjikane, hatefulle og trugande ytringar. Den siste veka har vi sett ein klar auke i omfanget av truslar og hatefulle ytringar, seier Bernsen.