PST bekymra for mindreårige på valdelege ekstreme nettsamfunn

Politiets tryggingsteneste (PST) ser med bekymring på ei negativ utvikling knytt til valdelege ekstreme nettsamfunn, der det ofte er mindreårige.

NPK-NTB
Publisert

– At stadig fleire mindreårige blir radikaliserte til ulike former for ekstremisme er urovekkjande og ei utvikling vi har sett over tid. Eit negativt kjenneteikn ved desse nettverka er at sårbare barn og mindreårige er særleg utsette mål for rekruttering, skriv PST i ei pressemelding.

Aftenposten omtalte saka først.

Med dagens nettaktivitet spreier denne utviklinga og innhaldet i desse nettverka seg mykje raskare og til eit større og yngre publikum enn før, skriv PST, som har sett ein auke her dei to siste åra.

I fleire land er det registrert valds- og terrorhendingar knytte til desse valdelege og ekstreme nettverka dei siste åra.

– Vi er bekymra for utviklinga. Den går ikkje rett veg, og det er alvorleg, sa Caroline Iwarsson, seniorrådgivar i PST, til Aftenposten tysdag.

– Desse miljøa kan vere eit springbrett til grovare, politisk motivert vald. Ein sånn radikaliseringsprosess kan gå ganske fort, åtvarar Iwarsson.

PST understrekar at kjennskap til barn sine medievanar, endring i åtferd, isolasjon, og sjølvskading er døme på indikasjonar samfunnet bør vere obs på når det gjeld dette fenomenet.