Studie: Medkjensle hjelpte neandertalarane å overleve

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neandertalarane var ikkje så neandertalske som vi trudde likevel

Tidlegare har ein trudd at neandertalarane berre tok vare på kvarandre for eiga vinning, men nye funn viser at det ikkje var tilfellet.

Nye funn frå forskarar i York viser derimot at dei hadde genuin medkjensle for kvarandre, hadde empati og viste omsorg utan å forvente noko tilbake. Dette strir mot det som tidlegare var trudd – at dei var barbariske i forhold til det moderne mennesket.

Tok vare på sjuke

Studien viser at dei utøva helsetenester for kvarandre, og tok vare på dei som var sjuke og skadde. I nokre av tilfella dei har undersøkt, hadde behovet for pleie gått over lengre tidsrom og ein kunne sjå at skaden vart lækja før ein døydde seinare.

Dette meiner studien kan bevisast med å sjå på alvorlege skadar som viser seg å ikkje vera årsak til død. Her har dei studert skadar som har blitt lækt ved hjelp av pleie som måtte ha vore utført av nokon andre enn den skadde personen sjølv. Skadane hadde til dømes blitt teke godt vare på i form av hygiene, massasje, og pleie av feber. Studien konkluderer dermed og med at omfattande helsepleie ikkje er noko som berre høyrer menneskearten til, men har ei lang historie i evolusjonen.

Gravlegging teikn på sosial aksept

Det var særleg eitt tilfelle der pasienten må ha vore skadd i rundt tolv månadar som gjorde at dei kom fram til konklusjonen. Arkeologane seier at han må ha blitt tatt vare på i gruppa sjølv om han ikkje har kunne bidra med noko.

I dette tilfellet tyder funna på at personen hadde fått permanente skader som hadde gitt personen varige mein, som han må ha levd med lenge før han døydde. Han har og fått ei fullverdig grav, noko som og tyder på at han var ein del av gruppa. Dette strir mot tidlegare teoriar om at dei som ikkje kunne bidra til gruppa var verdilause.

Les også: Neandertalarane var fyrst ute med kunst og kultur