Kvifor les vi påskekrim?

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Bergenstoget plyndret i natt», stod det å lese på forsida av Aftenposten dagen før palmesøndag i 1923. Det såg ut som det hadde vore ei uvanleg dramatisk hending i nattemørkret over Hardangervidda. Avisredaksjonen vart nedringt av bekymra familiemedlem som kjente nokon som hadde vore med på togturen.

Men om ein studerte trykksverta hakket grundigare, så viste det seg å vere ei reklame for ei krimbok av Nordahl Grieg og Nils Lie, under pseudonymet Jonathan Jerv.

Avisredaksjonen i Aftenposten vart nedringt av fortvilte menneske to dagar før palmesøndag i 1923. Ikkje alle som las avisoppslaget om at det hadde vore eit ran på Bergensbanen, la merke til at oppslaget var ei reklameannonse. Foto: Wikimedia Commons

Det var Gyldendal forlag som la ut meldinga, med Nordahl Grieg sin bror, forlagsredaktør Harald Grieg i spissen. Og det var eit kriminelt godt stunt som gav gode resultat. Å lansere ein krimroman ved påsketider var ein så god idé, at året etter følgde også forlaget Aschehoug opp med å gi ut krim når det nærma seg påske.

Detektiven Poirot har vore å sjå på norsk tv i påska i fleire år. Foto: Mariam LG/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Detektiven Poirot har vore å sjå på norsk tv i påska i fleire år. Foto: Mariam LG/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Les også: Nordmenn elskar bøker, og ikkje berre i ferien

Da tv og radio vart ein del av kvardagen og påskehøgtida til folk, så vart det òg ein tradisjon å presentere skumle mysterium også via eter og fjernsynsskjerm. NRK tok opp krimtradisjonen, og sende seriar laga med utgangspunkt i kjente oppdikta detektivar og mysterieløysarar som Arthur Conan Doyle sin  Sherlock Holmes, og Agatha Christie sin Hercule Poirot og Miss Marple. Alfred Hitchcock sine drama vart og sendte på fjernsynet.

No har tradisjonen med å lese krim ved påsketider vore naturleg for nordmenn i snart hundre år, om historia er sann. Like naturleg som å ete appelsin, leite etter påskeegg og å gå ein skitur på fjellet.

Dramatiske hendingar for to om lag to tusen år sidan

Men kva var det no med denne påska og kvifor vi markerer ho. Går det an å seie at den første påskekrimmen vart lansert for om lag to tusen år sidan? Den opprinnelege forteljinga for sjølve påskehøgtida har jo òg nokre ganske dramatiske høgdepunkt med uoppklarlege hendingar, om ein tenker etter, og alt etter kven ein spør. Historia, den byrja dei iallfall å skrive ned om lag 70 år etter at dramaet gjekk føre seg i Jerusalem.

Les også: Bokmelding: Død eller levande, av Lars Mæhle

Edgar Allan Poe var med og forma kriminalsjangeren til det vi kjenner den som i dag. Foto: Laurel L. Russwurm/Flickr/CC0 1.0

Edgar Allan Poe var med og forma kriminalsjangeren til det vi kjenner den som i dag. Foto: Laurel L. Russwurm/Flickr/CC0 1.0

I ein prat framtida.no tidlegare har gjort med professor Erling Aadland, fortalde han at forteljingar om mord og brotsverk har eksistert like lenge som anna litteratur. Men at krimromanen som vi kjenner han i dag, tok form på 1800-talet med Edgar Allan Poe sine bøker.

Aadland seier at det blir spekulasjonar når ein skal finne ut kvifor krimromanar kjem med påskehøgtida. Det kan vere at folk flest har god tid, at dei befinn seg på fjellet, nokre utan nettopp tv og internett.

At krimromanar er lettleste og spennande bøker der ein heile tida følger ei utvikling kan òg ha noko å seie. Og Aadland antydar òg at det at krim setjast i samanheng med påska kan ha med å gjere at eit av historiens viktigaste mord skjedde på Langfredag, då Jesus blei korsfesta.

Om du vil lese meir om det, kan du lese krim-intervjuet med Erling Aadland her:

Jesus kan ha starta krimtradisjonen

Kjelder: SNL/Wikipedia