Bokmelding: Død eller levande av Lars Mæhle
Kort og godt gyseleg spennande!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tvillingane Simon og Katrin kan sansa og fornemma meir enn andre. Dei har Evna.
Ein dag bankar ein ukjend mann på døra. Han kjem eit oppdrag: Han treng hjelp til å finna dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Tvillingane må gå inn i sprekker av tid og rom – og Simon kjenner seg tvinga til å gå inn i den skumle Bekkedalen for å leite etter sanninga. Som du kan sjå på framsida av boka, så ser det ut til å ha noko med andre verdskrigen å gjera.
Lars Mæhle viser igjen at han kan skriva spennande, i denne korte og lettlesne grøssaren. Boka har ikkje meir enn kring 100 sider, men spenninga ligg tett mellom sidene, og er fort gjort å lesa.
Boka er ein del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.
Les bokmeldinga av den førre Lars Mæhle-boka her: Bouvetøya 2052 av Lars Mæhle: Forrykande klimathriller
Sjå bokbad med Lars Mæhle under: