– Jesus kan ha starta krimtradisjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er krim?

– Krim blir rekna for å vere fortellingar om etterforsking og oppklaring av mord og forbrytingar. Det kan handle om så mykje. Det ein fort kan fastslå er at krim er ein type underhaldningslitteratur – dette fordi det heile tida er spenning i bøkene. Krim er formellitteratur, altså er den sjangaroppfyllande. Derfor kan ikkje krimforfattaren bryte mykje med mønsteret om han vil lykkast med ei fortelling.

Kor lenge har krim eksistert?

– Det har vore fortellingar om mord og forbrytingar like lenge som all annan litteratur, men krim slik vi kjenner den i dag har ikkje eksistert så lenge. Den definisjonen av krim eg snakkar om starta på 1800-tallet med Edgar Allan Poe. På mange måter var det han som skapte den formelen forfattarar følgjer i dag.

Kva for typiske kjenneteikn har krimlitteratur?

– Det vi ofte ser i dagens krim er at dei personlege problema til etterforskaren får ein del plass, samtidig som både etterforskinga og oppklaringa er viktig. Gjerningsmannen har ikkje nokon spesielt stor rolle. Litterært sett er dagens krim realistisk; handlinga er innanfor sannsynet sine grenser, og det er fortellingar nær røynda. Historisk sett følgjer kriminallitteraturen to mønster; puzzle-solving (gåteløysing) og hardkokt krim. Med gåteløysingsmønsteret bruker forfattaren gjerne éin superdetektiv, og etterforskarane løyser gåtene med ei blanding av logisk tenking og intuisjon. Eksempel er Sherlock Holmes og Poirot. Hardkokt krim starta på 1930-tallet med blant anna Dashiell Hammett og Raymond Chandler, og har på si side meir action i fortellinga enn gåteløysingsmønsteret. I gåteløysingsmønsteret er det forbrytaren som er uromomentet i eit roleg og velordna samfunn, mens i hardkokt krim er det ein einsam og fornuftig detektiv i eit uroleg samfunn – med for eksempel korrupt politi og gangstervelde. I dagens krim er det ein kombinasjon av dei to mønstra; den tar vare på gåteløysinga, samtidig som verda ikkje er velordna.

Kvifor er krim populært i påsken?

– Det blir på mange måtar berre spekulasjonar, men det kan ha noko med at eit av historiens viktigaste mord skjedde på langfredag, då Jesus blei korsfesta. Hovudsakeleg trur eg det er vellykka marknadsføring som har bore fram påskekrim, og det har blitt ein kulturell tradisjon. Det har sikkert også noko med at folk har tid til å lese i påsken, og mange drar på hytter utan korkje TV eller internett. Da er det lett å ty til ei spennende bok. Noko av grunnen til at krim har blitt så populært generelt, er at det er enkle, leselege bøker, og ein følgjer heile tida utviklinga i oppklaringa av forbrytingane.

Er det noko som skiljer påskekrim frå krim utgitt elles i året?

– Det er ingen forskjell på påskekrim og krim som kjem ut elles i året. Det er dei same forfattarane som gir ut bøker, og det er gjerne dei same lesarane som les bøker av favorittane sine.

QUIZ: Kva veit du om påsken?

Har Bergen noko eige når det gjeld krim?

– I utgangspunktet er det ikkje nokon store forskjellar mellom Bergen og andre stader. Ein grunn til at Bergen kanskje skiljer seg ut er enkelt sagt på grunn av Gunnar Staalesen. Han har omplanta ein privatdetektiv etter modell av Raymond Chandler. Samtidig har han lykkast godt med dei bøkene han har skrive i forhold til det ein venter av krim, og bøkene hans har mykje av essensen frå moderne krim. På ein måte er fortellingane ekstremt konstruert, men han har kombinasjonen som trengst av gåteløysning og hardkokt krim. Berre navnet i seg sjølv, Varg Veum, fortel at fortellingane er konstruerte, samtidig som det er ein røyndom til å kjenne igjen både geografisk i Bergen, og skildringar av kjente menneskekarakterar.

Har du noen personlege krimfavorittar?

– Eg liker eigentleg lite norsk krim. Mine favorittar er P.D. James, Elizabeth George og James Lee Burke. Eg liker utanlandsk kriminallitteratur fordi den kompenserer for at ein veit kva ein får før ein byrjar å lese, sidan krim er formellitteratur. Eg meiner den beste krimforfattaren verda har hatt er Raymond Chandler. Han skriv veldig godt, og er ein stor stilist.

Les saka i Studvest (på bokmål)!

Faktaboks

PÅSKEKRIM

Krim er underhaldningslitteratur med forbryting som emne.
Krimromanar står for ein svært stor del av boksalet i Noreg.
Påskekrim vert sagt å ha oppstått i 1923, etter ei annonse frå Gyldendal forlag på framsida av Aftenposten.
Annonsen var for ein krimroman skrive av Nordahl Grieg og Nils Lie, og lød: «Bergensbanen plyndret inat!».

Kilde: Levende Historie og Store Norske Leksikon