Folkefinansiering tek heilt av

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verpehøna Sol fekk finansiert ein tur til dyrlegen, og klovnetruppen Sirkus Sol fekk finansiert reisa til Afrika. Ein annan innsamlar fekk finansiert oppstarten av produksjon av urkorn-graut, ein graut som no har vorte ein del av Norgesgruppen. Og nyleg har eit folkehav samla inn rekordbeløp til Legar utan grenser.

Det er berre nokre eksempel frå tusenvis av innsamlingsaksjonar som har vorte starta på eit veksande antall innsamlingsplattformar dei siste åra.

Folkefinansiering er eit fenomen som har vorte vanlegare og vanlegare dei siste åra. Istaden for å få store summar frå ein givar eller investor, så spør ein mange menneske om mindre pengesummar. Det blir ofte gjort via ein innsamlingsplattform på nett.

Morten Molin Wang. Foto: Bidra.no

Morten Molin Wang. Foto: Bidra.no

– Donasjonsbaserte innsamlingar har alltid eksistert, men no har ein gjort det digitalt. Istaden for å gå rundt med bøsse, så kan folk betale inn på konto.

– Det viskar ut dei geografiske grensene når ein samlar inn pengar, seier Morten Molin Wang (22) i bidra.no.

Folkefinansieringa har gjort at kven som helst i teorien kan få finansiering til prosjekt, anten veldedig eller kommersielt. Så lenge det er lovleg, og ikkje krenkar andre.

2500 prosjekt sidan oppstarten

Bidra.no er ein av dei store plattformane for folk som vil sette i gang folkefinansieringsprosjekt her i Noreg. Sidan dei vart lanserte i 2014, har dei publisert 2500 prosjekt på heimesida si.

Samtidig som talet på prosjekt har auka årleg sidan bidra.no starta opp, dukkar det opp stadig nye nettsider for innsamling.

Oversikt over forskjellige plattformar for folkefinansiering i Norden. Kjelde: HiA

Oversikt over plattformar for folkefinansiering i Norden. Kjelde: HiA

Folk vil finansiere dyre operasjonar, samle inn til veldedige prosjekt, finansiere skolefilmen sin eller samle inn til stolar til sjukehuset, eller dei ønsker eit nytt flygel til kyrkja si. Det siste som mange har fått med seg, er den store innsamlinga til Legar utan grenser, i forbindelse med Listhaug-saka. Summen endte på 16,7 millionar kroner.

– Det finst ikkje noko vanleg type prosjekt, seier Wang.

Så lenge det er lovleg og ikkje til skade for eller krenkande for andre, så er det få grenser for kva ein kan samle inn pengar til på bidra.no.

Dobla totalt innsamlingsbeløp på eitt år

Ein artikkel frå Rotem Shneor og Tor Helge Aas ved HiA, fortel at rapportar viser at det i 2014 vart henta inn 16 milliardar dollar via folkefinansiering på verdsbasis, og at beløpet vart meir enn dobla til 34 milliardar dollar i 2015 (Massolution 2015).

Det er berekna at det totale innsamla beløpet i 2025 vil vere på 93 milliardar dollar. Å samle inn pengar frå mange små aktørar istaden for frå ein stor, har vorte ein aukande trend.

Skaparglede og givarglede

Wang forklarer at dei har to hovudkategoriar innsamling: Skaparglede og givarglede.

Skaparglede er folk som skal gi ut musikk, arrangere ein konsert, skrive bøker, og andre kreative prosjekt. Han har og sett ein del suksesshistorier med gründerverksemd.

Givarglede går på veldedige prosjekt.

At Sirkus Sol samla inn pengar for å reise til Malawi er eit døme på givarglede-prosjekt. Foto: Sirkus Sol.

– Typisk for givarglede er at det handlar om å appellere til følelsane til menneska som bidreg. Då er det ein motivasjon for bidragsytaren at ein gjer noko fint når ein støttar prosjektet, seier han.

Han brukar Sirkus Sol som eit døme. Dei er ein klovnetrupp som samla inn pengar for å kunne reise til Malawi for å samarbeide med Klovnar utan grenser i Sør-Afrika. Det er eit donasjonsbasert prosjekt, som ikkje har nokon kommersiell interesse. No har dei akkurat nådd innsamlingsmålet sitt, og har passert 31.000 innsamla kroner.

– Det er jo eit heilt fantastisk prosjekt, så det er ikkje rart dei lykkast med innsamlinga, seier Wang.

Stor variasjon i prosjekt og kvalitet

I bidra.no, har dei ein eigen redaksjon som godkjenner alle prosjekt. Dess høgare målbeløp, dess høgare krav stiller dei til kvalitet.

– Vi avslår òg ein del prosjekt. Folk vil samle inn til mykje forskjellig, og prosjekta må halde ein viss standard. Det er høg variasjon, seier han.

Redaksjonen har òg ein person som gjer bakgrunnssjekkar av personen som startar innsamling. Det er viktig at pengane går til det aksjonen seier dei ska gå til.

Dersom ein privatperson samlar inn pengar til eit veldedig formål, så overfører bidra.no pengane direkte til den som skal motta.

Wang seier at dei har eit godt navn fordi dei gjer nøye sjekkar av at pengane går til formålet.

Summen blir utbetalt i heilheit når prosjektet er over.

Om aksjonen er mislykka, blir summen overført tilbake til givarane. Dei held heile tida fokus på å ha ein seriøs plattform. Pengane skal gå til formålet dei er berekna på.

Høna Sol fekk tur til dyrlegen

– Kor vanleg har det vorte med folkefinansiering?

– Det har dukka opp mange fleire plattformar sidan vi vart lanserte. No dukkar det opp nye plattformar jamnt og trutt. Kanskje to i månaden, anslår Wang.

Han meiner det i dag er ein marknad der det er plass til mange plattformar.

– Kva er det raraste prosjektet det har blitt starta innsamling til?

Høna sol kunne ikkje gå. Så fekk ho sponsa tur til dyrlegen. Foto: privat

Høna sol kunne ikkje gå. Så fekk ho sponsa tur til dyrlegen. Foto: privat

– Vi hadde eit litt morsomt, unikt prosjekt som heitte «Høna Sol». Det var ei høne som ikkje kunne gå lengre, og som trengte ein operasjon for å kunne gå.

Høna budde på ein gard for høner som hadde jobba i eggproduksjon. Ein frigard, ein slags pensjonistgard. Garden var i Telemark, og eigaren trengte 5000 kroner for å kunne sende henne til dyrlegen i Oslo. Det vart samla inn 6125. Resten av pengane gjekk til garden.

– Da var det 35 givarar som syntes det var eit fint prosjekt, seier Wang.

Eit anna prosjekt han trekker fram, er ei jente med Cerebral Parese som heiter Sanna. Ho trengte operasjon i USA for å kunne lære å gå. Familien samla inn 423.517 kr av 1625 givarar. I dag kan ho gå.

– Har det skapt moglegheiter for folk som ikkje fanst før?

– Det er jo delingsøkonomi, som er populært for tida. Vi i crowdfunding jobbar for å lære opp folket i koss det skal brukast.

For veldedige organisasjonar er innsamling på nett og deling i sosiale medium med på å slette det geografiske avgrensinga.

– Visste folk kva delingsøkonomi var i 2000?

– Det trur eg ikkje. Det har vorte stort i samanheng med Air bnb og Über. Ein går til folket. Istaden for til nokon store aktørar, seier Wang.

Folkefinansiering

  • Ein innsamlingsmetode der mange personar bidreg med beløp for å samle pengar til eit bestemt føremål.
  • Totalbeløpet kan vere stort, men beløpet frå kvar enkelt person treng ikkje vere stort.
  • Måten å samle inn pengar på har auka betrakteleg med etableringa av sosiale medium.

Det er fire hovudtypar folkefinansiering:

  • Den donasjonsbaserte, der folk gir pengar utan å forvente å få noko særleg tilbake.
  • Den belønningsbaserte, der grûndarar forhåndssel eit produkt.
  • Lånebasert fundraising, der bidragsytarane er med på å finansiere lånet til ei oppstartsbedrift som ikkje får vanleg lån i banken.
  • Aksjebasert finansiering, der dei går til folket og sel eigedelar i bedrifta til mange menneske istadenfor rett mot ein investor.