– Det er nedslåande å sjå at både gutar og jenter legg ansvaret på jenta når det skjer ein valdtekt, seier Silje Berggrav i Redd Barna.

Faktaboks

Her er førebyggingsråda frå ungdomane som deltok i studien:

1. Vi må lære kva det inneber å vise og forstå eit entusiastisk samtykke.
2. Vi må lære at det å mase seg til sex kan gå over grensa til å bli ei valdtekt.
3. Vi må lære at det er mange måtar å signalisere at ein ikkje ønsker å ha sex.
4. Vi må utfordre og kjempe mot kjønnsrollene som fortel gutar at dei får «kred» og status viss dei har sex med flest muleg, mens jenter får høyre at dei er horer om dei gjer det same.
5. Vi må lære at selv om alkohol gir oss mer lyst, er det enda vanskeligere å tolke hva den andre vil.
6. Vi må lære korleis vi kan vere ein god støttespelar for nokon som fortel at dei er utsett.

LES FAKTALUKK FAKTA

Rapporten «Den som er med på leken…» er nyleg publisert av Redd Barna. Berggrav intervjua 35 ungdommar i alderen 14 til 19 år om deira syn på valdtekt. 

Deltakarane fekk både høyre om opplevingar andre hadde hatt og skulle fortelje kva dei synast om desse, og dei delte òg uoppfordra sine eigne opplevingar.

– Sjølv om utvalet var avgrensa, kom det fram historier om overgrep og krenkingar. Jentene ga i stor grad seg sjølve skulda for det som hadde skjedd, sjølv om det var heilt klart at dei ikkje hadde noko skuld, seier Berggrav.

Halvparten skjer på fest

Ein stor del av valdtektene som skjer i Noreg, skjer mellom ungdom. Nær femti prosent av alle valdtekter i Noreg skjer relatert til ein fest.

– Sidan ein så stor del av valdtektene skjer mellom ungdom, er det viktig å kartlegge ungdomane sine haldningar til valdtekt, seier Berggrav.

I rapporten kjem det klart fram at det er eit skilje mellom teori og praksis. I teorien meiner ungdom at eit nei skal respekterast, men når dei vert stilt overfor konkrete eksemplar meiner både guter og jenter at jenter sjølv har lagt opp til overgrepet.

LES OGSÅ: No er eg ikkje lenger eit mørketal

Redd og urørleg

– Til dømes viss ei jente sa nei fleire gonger og så spelte med fordi ho gav opp, meinte ungdom at jenta hadde eit ansvar fordi ho ikkje var tydeleg nok. Eit anna døme var viss ei jente var veldig redd og låg urørleg fordi ho ikkje klarte å vise motstand. Då meinte òg både jentene og gutane at det var jenta hadde noko av ansvaret for at overgrepet skjedde.

Berggrav meiner det er viktig at skulen tek ansvar og lærar elevane om grensesetting, haldningar og relasjonar.

– I dag tek seksualundervisninga berre for seg det fysiologiske. Ungdom må lære meir om relasjonar og grensesetting, seier Berggrav.

– Det er ikkje ei stor overrasking å lese om funna i denne rapporten, men det er veldig trist, seier Agathe Waage, fylkesleier for Elevorganisasjonen i Hordaland og elev ved Olsvikåsen vidaregåande skule.

Ho trur det handlar om generelle haldningar i samfunnet, som til dømes at viss ein kler seg i korte miniskjørt aukar ein risikoen for å verte valdteken.

LES OGSÅ: Blei trua med valtekt – tok kontakt med mødrer

– Treng å lære meir

– Det er heilt tydeleg at ungdom treng å lære seg meir om dette. Vi må lære meir om grensesetting, om å respektere kvarandre, om seksualitet og om førebygging, seier Waage.

Å utbetre seksualundervisninga i skulen, har vore eit gjentakande tema hjå Elevorganisasjonen.

– Vi elevane etterlyser det. No lærer vi berre om det fysiske kring sex. Vi må lære meir om det psykiske òg, seier Waage.

Ho meiner meir kunnskap vil vere viktig og naudsynt.

– Den einaste måten vi kan endre desse haldningane på, er å gi ungdom meir kunnskap. Der bør skulen og helsevesenet ta ansvar, seier Waage. 

LES OGSÅ:– Gutane må ta ansvar og jentene må seia nei

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

Kommentarar

ANNONSE