Norsk Målungdom vil sikra nynorsk i grunnlova

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk og bokmål har vore jamstilte skriftspråk sidan 1885, men denne sikringa av dei norske språka kan forsvinne med eit fleirtalsvedtak i Stortinget. Dette burde inn i grunnlova, akkurat slik som dei samiske språka er sikra i grunnlova, seier Fredrik Hope.

Hope vart i helga attvalt som leiar i Norsk Målungdom. Det var stor semje blant dei språkengasjerte ungdomane frå heile landet om at språket deira bør sikrast i grunnlova.

– Dette er spesielt viktig for nynorsken. Eit mindre brukt språk treng treng ei ekstra støtte, og eit slikt grunnlovsvedtak vil styrkje dei mange rettane nynorskbrukarane har i andre lover.

Kongen skal skrive nynorsk

Regjeringa har varsla at det skal kome ei ny språklov. Målungdomen har mange krav til denne lova.

– Me skal kjempe for at denne lova utvidar språkrettane til norske borgarar, og at ho styrkjer dei små og mellomstore språka. Dagens mållov er for svak, og gjeld til dømes ikkje for kommunane, Stortinget og Hoffet. Ei framtidig språklov må dekkje heile det offentlege Noreg, frå ordførar til Kongen, meiner Hope.

– Dessutan må private verksemder som driv statlege oppgåver må dessutan fylgje staten sine språkreglar. Det offentlege kan organiserast på ulike måtar, men folk sin rett til å få sjå og bruke sitt eige språk kan ikkje bli svekka, seier målungdomsleiaren.

Eit styre frå heile landet

Til å jobbe for nynorsk og språkmangfald fekk Hope med seg eit styre frå heile Noreg. Fredrik Hope frå Gloppen får med seg Gunnhild Skjold frå Tromsø som nestleiar,  Eline Bjørke frå Løten som skrivar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg, og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlemer.