Demian Vitanza vann Ungdommens kritikarpris 2018

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen er i regi av Foreningen !les og vart delt ut på Sentralen i Oslo med juryklassar og forfattarar til stades i salen.

Sju juryklassar i vidaregåande skole har dei siste fire månadane lese og diskutert åtte norske skjønnlitterære bøker gitt ut i 2017. Onsdag 14. mars kåra elevane Demian Vitanza til vinnar av Ungdommens kritikarpris 2018. Det var ein tydeleg stolt vinnar som mottok prisen av elevene.

Glad og håpefull prisvinnar

– Wow, tusen tusen takk, dette var utroleg rørande. Eg blir glad og håpefull når de har stemt på denne boka. Han (hovudpersonen) var på dykkar alder da det sklei ut, seier Demian Vitanza i ei pressemelding frå Foreningen !les.

 Aleksander Mittet frå Kristiansund vidaregåande skole og Kristine Fjellkårstad Orten frå Lillestrøm vidaregåande skole delte ut prisen på vegner av juryen. I begrunnelsa heiter det blant anna:

«Vi meiner at dette er ei utruleg viktig bok, både på grunn av temaa den belyser, men også på grunn av den nye vinklinga vi får.

Boka gir eit innblikk i korleis ein ung gut blir forma av samfunnet, kulturen og religionen som omgir han. […] Sjølv om den fokuserer mykje på forståing og går i djupet av kompliserte tema og hendingar er den lettlest. Det synast vi er imponerande. Alle lesarar vart inkluderte i opplevinga av boka.»  

 – Årets vinnar har engasjert alle typar lesarar. Juryen seier det er ei lettlest og kompleks bok som speglar nokre av vår tids store spørsmål. Dette er ei gåve til norsklærarar, bibliotekarar og andre formidlarar. Sjeldan har vi sett at ei bok engasjerer så mange, så sterkt, seier prosjektansvarleg i Foreningen !les, Bjarte Bakken.

Dei nominerte:

Demian Vitanza: Dette livet eller det neste (Aschehoug)

Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar (Aschehoug)

Olaug Nilssen: Tung tids tale (Samlaget)

Jan Kjærstad: Berge (Aschehoug)
Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (Aschehoug)

Øyvind Rimbereid: Lenis plassar (Gyldendal)

Lotta Elstad: Jeg nekter å tenke (Flamme)

Aina Villanger: Baugeids bok (Oktober)

Nominasjonsjuryen har bestått av litteraturkritikarane Eivind Myklebust, Birgitte Bjørnøy og Kristian Wikborg Wiese.

Årets juryklassar har bestått av Lillestrøm vgs. (STA), Alta vgs. (Musikk og drama), Kristiansund vgs. (TAF), Oslo By Steinerskole (Humanist, litteratur fordypning), Rissa vgs. (ST), Kragerø vgs. (Idrett) og Kristiansand Katedralskole Gimle (STF)