Ny grøssarserie for ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje Torkildsen. Foto: Samlaget

Samlaget la i dag fram lista over nye bøker som kjem i vår.

Om berre nokre dagar kjem den andre boka i Stavanger Storie-serien til den doble Uprisen-vinnaren Terje Torkildsen. Den nye boka har 14 sterke forteljingar om liv og død.

Grøssarserie

Forlaget byrjar ein ny serie, Grøss og gru, med bøker av dei populære forfattarane Tor Arve Røssland og Lars Mæhle.

Tor Arve Røssland har skremt folk før med Svarte-Mathilda-bøkene. I mars er han klar med boka Den tolvte spelaren.

Lars Mæhle har skrive boka Død er levande som handlar om eit tvillingpar som har uvanlege evner.

Sjå bokbad med Lars Mæhle under: