Kritikarprisen for beste omsetjing til Øystein Vidnes

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overrekkinga fann stad på Litteraturhuset i Oslo torsdag.

– Dette er fantastisk. Berre det å bli nominert til denne prisen var nok å glede seg over, og i så sterk konkurranse hadde eg ikkje venta å nå opp, seier Vidnes.

Vidnes er forfattar, omsetjar og formgjevar. Sunnmøringen er busett i Leikanger i Sogn, og har fleire omsettingar og gjendiktingar bak seg. Mellom anna den nynorske utgåva av Frankenstein, som feirer 200-års jubileum i år og som også høyrer til i SKALDs klassikarserie.

Teikn på at dei gjer noko rett

I tillegg til Vidnes var også Margunn Vikingstad nominert for si omsetjing av Madame Bovary, utgitt i same serie. SKALD stod dermed for to av fire utgjevingar nominert i klassen for beste omsetjing i 2017.

– Det er jo eit teikn på at forlaget gjer noko rett med klassikarserien sin. Ikkje noko ville glede meg meir enn om prisen gjer at denne serien kan nå endå breiare ut, seier Vidnes.

Her er grunngjevinga til juryen

Kritikerlaget deler ut prisen for beste omsetjing til «eit skjønnlitterært verk som juryen ser på som litterær verdifull prosa» under ei feiring på Litteraturhuset i Oslo . I juryen sat Carina Elisabeth Beddari, Audun Lindholm og Janneken Øverland.